Bli med på ungdomen si kulturutveksling          

Ei sak som ungdommen sitt kommunestyre (UK) i Luster har lyst å få løfta fram er sjansen ungdom i Luster i alderen 14-17 år har til å delta i kulturutveksling med ungdom i USA, frå venskapskommunen Vernon Co., WI. . Dette området i USA er kjent for å ha mange norsk-amerikanarar med røter frå Sogn. Byen Viroqua med ca. 4 500 innbyggarar er senteret i Vernon Co. og næraste større by er La Crosse som ligg ca. 40 min. lenger vest ved elva Mississippi i staten Wisconsin. Utvekslinga skjer ved at ungdom frå Luster reiser til USA annakvart år. De søker innan 15. januar 2023. Sommaren 2023 tek de og familien dykkar imot ein amerikansk ungdom. I 2024 får de reise til den amerikanske ungdomen og vere ein del av den familien.

Vil du reise til USA i 2024?

Då startar du og familien din med å ta imot ein ungdom frå USA i om lag 2 veker sommaren 2023.
Du søker om kulturutveksling innan 15. januar 2023. Søknadsskjema finn du på heimesida til Luster kommune under Kultur og Fritid. Det må vere minst 2 ungdomar/familiar som søker for å få gjennomført utvekslinga.

Den norske familien tek vare på den amerikanske ungdomen som «ein av alle i familien». Den amerikanske ungdomen skal få oppleve korleis det er å vere ungdom i Noreg og Luster.
UK stiller gjerne opp for å snakke om og syne korleis ungdom i Luster får bidra i saker som gjeld ungdom i kommunen.
Tilsvarande blir ungdomane frå Luster teken imot i USA neste sommar. Ungdomen gjennomfører eit prosjektarbeid, som det er ynskjeleg blir vist fram her i Luster når du er tilbake.

Kostnad:
Dei som får innvilga søknad om deltaking i kulturutveksling får dekke inntil 35% av dokumenterte reiseutgifter i samband med si reise til venskapskommunen. Maksimum løyving kr. 8000,- pr. deltakar.

Om de ynskjer meir informasjon om ordninga, og erfaringar frå tidlegare kulturutvekslingar, ta kontakt med Erling Bjørnetun på rådhuset.

Søk her