Dei største fallrettane i Luster vart tidleg på 1900-talet kjøpt opp av framandfolk. Fallrettane skifte mange eigarar før ÅSV fekk hand om Fortun på 1950-talet og bygde ut eit av landets største kraftverk der. For Jostedals- og Leirdøla-vassdraga lengre vest skjedde det ikkje noko før Staten vart eigar av fallrettane og bygde ut på 1970- og 1980-talet.

Kraftutbygginga har gitt kommunen næringsfond og årlege avgifter som primært skal nyttast til næringsutvikling. Dette gjer at kommunen kan tilby tilskot og rimelege lån til næringslivet.

Kraftproduksjonen gjev òg ringverknader i form av sysselsetjing; det er over 100 personar i kraftproduksjon/formidling i kommunen. Desse er tilsette i Statkraft, Luster Energiverk og Hydro Energi.

Dei siste åra har det vorte utbygd nær 10 småkraftverk i kommunen, og fleire har fått konsesjon eller er på planstadiet.
Luster Energiverk - oversyn over småkraftverk