s. 25 i planstrategien:

Kommunedelplan naturmangfald. Som ein del av arbeidet med den planen vert det inkludert: ferdigstilling av kjerneområde landbruk.

Tillegg i punkt 5.8 Klimautfordringar:

Viktig at Luster kommune tek del i nasjonale utsleppskutt.

Underliggjande planar skal tydeleg gje føringar for kutt.

Kommunen skal utarbeide eit klimarekneskap.

Plandokument:

Vedteken planstrategi 2020 – 2023

Saksprotokoll handsaming i kommunestyret 28.08.2020

Utlegging til offentleg ettersyn i perioden 13. mai - 13. juni. Høyringsfrist 13. juni

I medhald av Plan og bygningslova §10-1 vert framlegg til Planstrategi 2020 - 2023 for Luster kommune lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 13. mai - 13. juni.  Høyringsfrist 13. juni 2020.

Føremålet med planstrategien er å:

  • Drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling
  • På bakgrunn av drøftinga prioritere planoppgåver i perioden
  • Vurdere behov for utarbeiding av nye planar og revisjon av kommuneplanens samfunnsdel og arealdel

Planstrategien er ikkje ein plan, men eit politisk verktøy for prioritering av kommunen sine planoppgåver. Den har derfor ingen direkte rettsverknad for kommunen sine innbyggjarar. Målet er at kommunestyret handsamar planen i møte 18. juni.

Plandokument:Planstrategi 2020 – 2023, versjon datert 13.05.2020

Saksframlegg handsaming i formannskapet 13.05.2020

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til:
Kommuneplanleggjar Oliver Bjørndal, tlf 57 68 55 18, e-post: oliver.bjorndal@luster.kommune.no

Merknader / innspel kan sendast:

i post til Luster kommune, Postboks 77, 6866  GAUPNE

eller på e-post til  postmottak@luster.kommune.no

eller på elektronisk høyringsskjema

innan 13. juni 2020.