Nasjonalparken dekkar Jostedalsbreen, som er den største isbreen på det europeiske fastlandet, samt fleire mindre omkringliggjande brear. Det er kombinasjonen av låg middeltemperatur og snørike vintrar som skaper isbreane. Breane har vakse og minka i takt med klimavariasjonane gjennom historia, og har i stor grad påverka både geologi, lokalt klima og vegetasjonen i nærområda. Langs randa av Jostedalsbreen finn du såleis eit dynamisk naturmiljø med fantastisk spennvidd og mangfald. Over alt sildrar det små bekker med smeltevatn, eller større elvar som sommarstid er grønkvite av alt slammet som vert produsert når is skurer stein mot stein. I dag er breane i kraftig tilbakegang.

Jostedalsbreen byr på spanande opplevingar i storslått natur. Her kan du ta deg ein vårskitur på breplatået, eller ein fjelltur til ein av toppane som  er omkransa av isen. Dersom du ynskjer meir actionfylte aktivitetar, er det fine høve for til dømes rafting, brevandring, klatring osb, gjerne under trygg vegleiing av ein av dei lokale guidane. Me vil understreka at sikker ferdsel på isbre føreset kompetanse og varsemd; ta risikoen for å falla ned i ein bresprekk eller verta råka av ras på alvor!

I tillegg til denne kommunen har nasjonalparken også areal i kommunane Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn. Fine innfallsportar til nasjonalparken i vår kommune er Styggevatnet, Fåbergstølsbreen, Nigardsbreen, Krundalen, Leirdalen eller Veitastrond.

God tur!