Tilrådinga frå formannskapet var på førehand klar, og etter ei grundig drøfting vart Bolstad innstilt som førsteval, med stabsleiar Ole Gunnar Krakhellen som nummer to.

– Dette er ei av dei viktigaste avgjerdene kommunestyret gjer i denne perioden. Eg er glad for at vedtaket var samrøystes, og me ynskjer Jon Bolstad velkomen, seier ordførar Andreas Wollnick Wiese.

No skal tilsetjingsutvalet forhandla om tilsetjingsvilkåra og avklara når Bolstad kan tiltre. Ordføraren understrekar at det er viktig med god overlapping mellom avtroppande rådmann Jarle Skartun og den nye kommunedirektøren.

Meir informasjon om tiltredingstidspunkt og vidare prosess vert kunngjort så snart det er klart.