Luster kommune skal kunne gje alle barn og unge under 18 år samt gravide og dei som ammar jod behandling dersom sentrale myndigheiter rår til dette.
Rådet frå sentrale myndigheiter i 2022 er at dei under 40 år skal ta jod ved atomulukke. Jod kan kjøpast på apotek utan resept; JODIX. Brukarrettleiing på eska. Staten anbefaler at familiar har slikt heime. Det er berre snakk om 1-ein dose.

Kvifor kan det vere viktig med tilførsel av jod? Kroppen bruker jod i skjoldbruskkjertelen. Fyller ein lageret her med friskt jod, vil mogleg radioaktivt jod ikkje kunne bli tatt opp. Radioaktivt jod kan gje kreft i skjoldbrusken.

Det er viktig at alle forstår at dette er av beredskapsomsyn. Ein skal IKKJE ta jod for sikkerheits skuld. Vent på beskjed frå myndigheitene.

Råd ved atomulukker