Referansar

Målgruppe

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ

  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen

  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslemyndigheit for saka dokumentet gjeld

Pris

Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Då kan det krevjast ei krone pr. ark utover 100 og betaling for heile utsendinga, jf. offentlegforskrifta § 4.

Handsamingstid

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar fra kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.