Kvifor bør du ta hepatitt C på alvor?

Hepatitt C skuldar eit virus som smitter via blod og kan gje infeksjon i levra. Dette kan over tid føre til skrumplever og leverkreft dersom den ikkje behandlast. Det er rundt 10 000 til 12 000 personar som lever med hepatitt C i Noreg, og mellom 300-400 personar blir smitta kvart år. Dei fleste som er smitta har anten injisert rusmiddel med sprøyte, eller har blitt utsett for ureine sprøyter på sjukehus i utlandet.

Gratis undersøking og behandling

Alle som ønskjer det får tilbod om gratis undersøking og behandling for hepatitt C hos fastlegen. Undersøkinga er ei blodprøve. Dersom du er smitta, får du behandling med tablettar som du tek i åtte til tolv veker. Behandlinga er trygg og har svært få biverknadar.