Luster kommune brukar foreldreundersøkinga som Utdanningsdirektoratet har laga. Foreldreundersøkinga gir deg som forelder mulegheiten til å seie di meining om korleis du opplever barnehagetilbodet og trivselen til barna i barnehagen. I Luster vert denne undersøkinga gjennomført omlagt kvart andre år.
Resultata frå undersøkinga vert lagra og brukt av barnehagen, barnehageeigar (Luster kommune) og Utdanningsdirektoratet for å analysere og utvikle kvaliteten i barnehagen.
Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå undersøkinga på udir.no og barnehagefakta.no.
Siste frist for å svare på Foreldreundersøkinga i barnehagen er 31. januar 2025.
Informasjon om foreldreundersøkinga – frå Udir (nynorsk)
Information about Kindergarten Parent Survey – Department of Education