Luster kommune sender mykje post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i sakshandsaminga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett di digital postkasse i dag. Med ei slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!
Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:
- Det er tryggare enn all anna postgang.
- Det er gratis å bruka.
- Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder.
- Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
- Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å koma i gang!