Kommunen skal etablere ei arbeidsgruppe som får ansvar for å utarbeide lokale planar for tiltak, med utgangspunkt i lokale behov. Nasjonalforeningen for folkehelse støttar med opplæring og materiell. Arbeidsgruppa vil bestå av representantar frå handelsstanden, transportnæringa, helse- og omsorgstenesta, demenskoordinator, personar med demens og deira pårørande.
På biletet ser me dagleg leiar på fylkeskontoret for Nasjonalforeningen for Folkehelse, Ingvild Tjønn Hansen, og rådmann Jarle Skartun med den signerte avtalen.