Årets bedrift 2018: Adventure Tours Norway og Karlis Bremers. Her med ordførar Ivar Kvalen

Ordførar Ivar Kvalen fortalde om kvifor Adventure Tours Norway får denne utmerkinga:

Adventure Tours AS vart skipa den 19.10.12.  Karlis har alltid hatt interesse for reiseliv og opplevingar, men det er ei viktig “hending” som var avgjerande for satsinga på Adventure Tours Norway. Karlis arbeidde då i turistinformasjonen på Skjolden med køar med cruiseturistar og andre turistar, som gjerne ville delta på aktivitetar på fjorden. Slike aktivitetar fanst ikkje då. Dette bestemde Karlis seg for å gjere noko med.

Karlis starta så utdanning på Høgskulen I Sogndal og investerte i sin fyrste RIB-båt. Han fekk finansiering frå Luster Sparebank og Luster kommune. Gjennom vinteren 2012/13 var det så intensiv kursing og sertifisering for å kunne føre RIB-båten med turistar.

Omsetninga fyrste sesongen var beskjeden, men nok til at Karlis satsa vidare. Han har i åra etter oppstarten investert i over 40 kvalitetssyklar for utleige og guida turar, han har kjøpt ståpadlebrett, snøtrugar til grupper og fiskeutstyr.

I denne sesongen har han og utvida talet på RIB-båtar og har no tre båtar i aktivitet, det er og kjøpt inn fleire elsyklar. No I 2017 fekk han og midlar frå innovasjon Norge til å utvikle selskapet sitt. Omsetningen I 2017 var på 1.2 mill kr.

 Hovudbasen er i Skjolden og Karlis opererer i Lustrafjorden og indre delar av Sognefjorden. Det har gått frå å vera ei lokal bedrift med hovudfokus på cruisemarknaden i Skjolden, til å bli ei bedrift som satsar på heile Indre Sognefjorden, og tilbyr aktivitetar på fjord, land og til fjells.

I dag har Adventure tours tilbod om; RIB-båt, sykling, vandring, padlebrett, fjellfiske, elvefiske, snøtruging, kulturelle opplevelsar.
Adventure Tours Norway er og ein lokal operatør som brukar andre lokale bedrifter og byggjer ut aktivitetsportefølgjen sin og sel breturar, sjøflyturar, Llama-turar, mini-bussturar som enkeltprodukt eller som del av ei opplevelsespakke.

Den travlaste cruisedagen i Skjolden så langt i år var det 7 personar i jobb for Adventure Tours Norway for å tilby opplevingar.

Karlis er og aktiv i organisasjonar som Visit Sognefjord, NCE Tourism si sykkelsatsing, Superyacht Norway og bedriftsnettverket på Skjolden.

Karlis har og vore flink til å rekruttere og syte for opplæring til guidane sine.

Adventure Tours Norway og Karlis er eit godt døme på korleis ein ung og flink grunder kan byggje opp ei bedrift som er viktig for mange andre bedrifter innan overnattingsbransjen.

Karlis er serviceinnstilt og tenkjer mykje på korleis heile  reiselivet på Skjolden og i Luster og Sogn kan utvikle seg. Karlis tek samfunnsansvar.

 

Karlis er innstilt på å satse vidare. Han seier: I mitt hovud er dette berre starten på historia til Adventure Tours, og eg ser stadig potensial for nyskaping og sit inne med mykje idear til vidare utvikling og vekst.

Til lukke med prisen, og lukke til i framtida.