ATS deltek i EU-prosjekt
ATS, representert ved leiar Odd Atle Stegegjerdet og føredragshaldar John Havellen, deltok i månadsskiftet oktober/november i første samling av eit EU-prosjekt i Tyskland. Prosjektet har til føremål å kartleggja, og bidra til utvikling av arbeidstilbod til yrkes- og utviklingshemma i Europa, og har på tysk tittelen "Auch wir arbeiten in Europa".
Prosjektgruppa er sett saman av representantar frå Tyskland, Nederland, Frankrike og Noreg. Frå Noreg deltek representantar for Luster og Fjell kommunar, samt Habiliteringstenesta Helse Førde, ved leiar Roland Schwarz. Prosjektet skal gå over 2 år (hausten 2010 - hausten 2012) og er finansiert ved EU-midlar.
Første samling vert avvikla i Kleve i Tyskland. Vidare vert det samlingar i Frankrike, Noreg, Nederland og avslutningsvis ei oppsummering og avslutning i Tyskland.
John Havellen presenterar seg for dei øvrige prosjektdeltakarane, Roland Schwarz er tolk.