Plandokumenta finn ein her

Spørsmål knytt til planen kan rettast til: Plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf 57 68 55 93, e-post: knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no

Utlegging av plan til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 27.03.23.

I medhald av Plan og bygningslova § 11-14, jf §11-1 og 5 har Formannskapet / Kommuneplannemnda i Luster i møte 01.02.2023 i sak 11/23 vedteke å leggje framlegg til 
«Kommunedelplan for buffersone Urnes Verdsarvområde 2023 – 2034» ut til offentleg ettersyn og sende planframlegget over til aktuelle fagorgan for vurdering. 
 
Føremålet med kommunedelplanen er å leggja til rette for ei overordna styring av arealbruken innanfor buffersona.  
 
Dersom høyringsrunden ikkje medfører vesentlege endringar av planen, er det ei målsetjing at arealdelen skal handsamast og vedtakast av kommunestyret i før sommaren 2023. 
 

Plandokument:

Planframlegg 

Konsekvensvurdering 

ROS-analyse

Fagdokument

Plankart som Web-løysing 

 

Har du spørsmål?

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til: 
Plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf 418 58 780 , e-post: knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no  
Planleggjar Torunn Løne Vinje, tlf 57 68 55 91, e-post: torunn.marie.lone.vinje@luster.kommune.no
 

Har du merknad?

Her kan du senda merknad, og lesa andre dokument og innspel i saka

Merknader til planen kan også sendast pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no 

Frist 27. mars 2023.

 

Vedteke planprogram 19.05.21

Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 19.05.2021 i sak 61/21 gjort fylgjande vedtak:

I medhald av § 11-13, jfr § 4-1, i Plan og bygningslova godkjenner kommuneplannemnda/formannskapet i Luster «Planprogram for Buffersone verdsarven Urnes stavkyrkje», datert 25.04.2021.

 

Planprogram for Buffersone verdsarven Urnes stavkyrkje vedteke 19.05.21

Melding om oppstart og høyring av planprogram. Høyringsfrist 27.03.21.

Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 27.01.2021 i sak 05/21 gjort fylgjande vedtak:

I medhald av reglane i §11-12 varslar og kunngjer Luster kommune oppstart av arbeidet med buffersoneplan som ein avgrensa arealdel til kommuneplanen

 

Planprogram – offentleg ettersyn og innspel til ny arealbruk

Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 27.01.2021 i sak 05/21 gjort fylgjande vedtak:

I medhald av reglane i § 11-13 Plan- og bygningslova, vert framlegg til planprogram lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring til overordna planfaglege myndigheiter.

 

Planprogram

Planprogrammet er også utlagt i papirform på Rådhuset.

 

Bygdemøte

I utleggingsperioden skal det haldast bygdemøte. Grunna uvisse knytt til Covid-19 vert tid og stad kunngjort seinare.

 

Spørsmål knytt til planprogrammet kan rettast til:

Kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje, epost torunn.lone.vinje@luster.kommune.no

tlf 57 68 55 93 eller

Plansjef Knut Vidar Svanheld, e-post  knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no tlf 57 68 55 07

Merknader og/eller innspel til planarbeidet må sendast innan 27.03.2021 til:

postmottak@luster.kommune.no eller Luster kommune, Boks 77, 6866 Gaupne.