Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i ei veke.

 

Er du førebudd? 

Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? 

Straumbrot kan gjere at det ikkje kjem vatn i springen, og føre til at kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og utstyr til matlaging ikkje fungerer som normalt. 

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar.  Sjå råd på sikkerhverdag.no


Styrk eigenberedskapen din!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.  

Ved å vere førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakke om at du får betre tid på deg til å planleggje vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.  

Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn inga!  


Eigenberedskap for ei veke

Her finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Gå gjennom behova dine, og sjå på kva løysingar som er moglege der du bur. Hugs at familie, vennar og naboar kan samarbeide om eigenberedskap. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. 

Sjekkliste for eigenberedskap

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.    
  • Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.   
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken.   
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.   
  • Fyrstikker og stearinlys.    
  • Ved, dersom du har vedomn eller peis.   
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.   
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.  
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.    
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.   
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).    
  • Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.   
  • Batteri og fullada batteribank.   
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.   
  • Mat og vatn til kjæledyr.  
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.