Det er mykje du kan bygge utan å søkje til kommunen. Du som bygger har sjølv ansvaret for at det som du skal bygge ikkje kjem i konflikt med reglane i plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regleverk. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar du kan bruke som hjelp for å finne ut om du slepp å søkje byggeløyve, eller om du må sende inn byggesøknad til kommunen.

I rettleiaren bygg utan å søkje  får du mellom anna hjelp til å rekne ut

  • Bruksareal
  • Prosent eller talet på kvadratmeter BRA - %BRA
  • Bebygd areal BYA

Rettleiaren finn du her: Rettleiaren bygg utan å søkje