Om rettleiaren
Rettleiaren skal vera til hjelp for dei som ynskjer å fremja reguleringsplanar etter Plan- og
bygningslova (PLBL) kap. 12 . Rettleiaren er eit supplement til Miljøverndepartementet og
Bygningsteknisk Etat sitt rettleiingsmateriell som er tilgjengeleg på nettstadadressene
Rettleiaren er delt i fire hovuddelar / kapittel:
1. Kva hjelp kommunen gjev til planleggjar, kommunale gebyr og kommunen sine
planrutinar.
2. Kommunen sine krav til tiltakshavar/planleggar/plan. Krav til dokumentasjonen som
planleggjar skal senda kommunen i samband med kunngjering av oppstart av
planarbeid og innsending av framlegg til plan.
3. Internettlenker til regelverk, rettleiarar, faglege nettstader der aktuelt fagstoff er
tilgjengeleg.
4. Vedlegg.
Rettleiaren finn ein og på framsida, under boksen "For innbyggjarane", under planar og prosjekt, reguleringsplanar.