Planområdet er på ca. 327 dekar og omfattar eigedomane 9/46, 9/47, 9/48, 9/49, 9/50, 9/51, 9/52, 9/53, 9/54, 9/55, 9/57, 9/58, 9/59, 9/60, 9/61, 9/62, 9/63, 9/64 samt deler av 13/88, 12/33 og 9/1 for å inkludere avkøyrsel i nordvest til F55, og til Tindevegen i søraust. 

Forslagsstillar er Brage Holding AS. Planfagleg konsulent er DARK Arkitekter AS.

Planområdet inngår i gjeldande reguleringsplan «Storhaug» (vedteken 04.03.2004), og er regulert til byggeområde eksisterande hytter og nye hytter, spesialområde friluftsområde. Gjeldende plan ligg på  heimesida.

Forslagsstiller ynsker no å fremme et planforslag for revisjon av eksisterende plan. Føremålet med revisjonen er å leggje til rette for meir framtidsretta hyttetomter i tråd med ny kommuneplan, som samtidig ivaretek ei heilheitlig utvikling av planområdet med fokus på varsemd for natur og landskap. Herunder er eitt av hovedpunkta for omregulering å regulere tilkomstveg til hyttetomtene, innlagt vatn og avlaup, samt felles renseanlegg. Forslagsstillar ynskjer ikkje å utfordre hovedrammene i gjeldande regulering når det gjeld tal einingar eller total arealutnytting.

Naboar, grunneigarar og gjenbuarar blir varsla direkte. 

Merknader, spørsmål og synspunkt som kan ha betydning for planarbeidet kan sendast til:

DARK Arkitekter AS, Pb 457 Skøyen, 0213 OSLO 

eller som e-post til henriette@dark.no

med kopi til: Luster kommune, postboks 77, 6866 GAUPNE

eller som e-post til postmottak@luster.kommune.no