Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Saksdokument og politisk handsaming
Planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland innan 3 veker frå kunngjeringsdato.
Utlegging til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 12.12.2021
Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 07.10.2021 (sak PFU – 77/21) å legge framlegg til privat detaljreguleringsplan for Hundurane masseuttak i Skjolden, plan-id 2020012, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14.
Hovudmålet med planen er å få eit godkjent masseuttak av stein og grusmassar.
Kartutsnittet viser planområdet i forhold til gjeldande reguleringsplanar i Skjolden.
Plandokument:
Plankart
Føresegner
Planomtale
ROS-analyse
Saksutgreiing
Sakprotokoll
Link til plankartet i kommunekart
Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Luster kommune, pb 77, 6866 GAUPNE, eller i e-post til postmottak@luster.kommune.no innan søndag 12. desember 2021.
Planprogram vedteke 23.06.2021
Plan- og forvaltningsutvalet har i møte 23.06.2021, sak 54/21, vedteke planprogram for Hundurane Massetak.