Illustrasjonsbilete
Kapittel 12 om skulemiljø i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane gjeld både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltar

Dersom elev eller føresette melder frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen skal føresette og elev ha medverka til og uttala seg om. 
Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke etter at elev eller føresett har meldt frå, kan eleven eller føresette kontakta statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal med tanke på å retta opp situasjonen med eigna tiltak og laga ein aktivitetsplan.

Statsforvaltaren i Vestland: Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombod

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader:

Utdanningsdirektoratet si informasjonsside til barn, unge og føresette om mobbing og rettar: https://www.udir.no/nullmobbing/

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/