I samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova kan vedtaket klages på, og fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 1. februar 2024. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.
Utlegging til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 07.11.23
Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 21.09.2023 (PFU-sak 23/1796) å legge forslag til detaljregulering for Hamregota, med føresegner, planomtale og ROS-analyse, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.
Innspelsfrist 7. november
Spiss Arkitektur AS fremmer på vegne av grunneigarane i Hamregota 7 gnr./bnr. 153/73 et planforslag som legger til rette for å dele eigedommen i 7 hyttetomter. Formålet med reguleringa er å stadfeste tomteinndeling, arealbruk og utnytting. Aktuelle arealbruksføremål er bustader og anlegg – fritidsbustad, samt friområde.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Nikolai Weum-Andersen, tlf. 41 66 86 39, e-post: nikolai.weum-andersen@luster.kommune.no.
Eventuelle innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no, innan 07. november 2023. Merk innspelet med plan-ID 2023005.
Sjå saksdokument og send innspel
I medhald av plan- og bygningslova §12-3 og §12-8 andre ledd, blir det varsla om at SPISS Arkitektur AS startar arbeid med privat forslag til detaljregulering for gnr/bnr 153/73 i Luster kommune. Kommunen sin planID er 2023005. Frist for innspel er 20.06.23.
Formålet med reguleringa er å stadfeste tomteinndeling, arealbruk og utnytting. Aktuelle arealbruksformål er bustader og anlegg – fritidsbustad, samt friområde. Detaljplanen skal formalisere dagens arealbruk og gi nødvendig heimelsgrunnlag for framtidige tiltak innan planområdet. Området omfattast av kommuneplan for Luster, og er avsett til areal for fritidsbusetnad.
Det vart heldt oppstartmøte med Luster kommune 29.03.23, og kommunen tilrår oppstart av planarbeidet.
Plandokument
Har du innspel?
Eventuelle kommentarar, merknader, opplysningar m.v. som kan ha betydning eller interesse for planarbeidet kan sendes skriftleg til: SPISS Arkitektur AS Postboks 151, 4662 Kristiansand S e-post: seb@spissark.no innan 20. juni 2023. Det er ikkje nødvendig å sende kopi til kommunen. Innspel til planarbeidet vil følge saken som vedlegg når den sendes over til kommunen. Kommunen vurderer og kommenterer innspela når planen leggjast ut til offentleg ettersyn/ høyring. Det blir normalt ikkje gitt skriftleg svar på innspela utover dette. Spørsmål om planarbeidet kan rettes til sivilarkitekt Svein Erik Bjorvand, seb@spissark.no eller på telefon 99729080.