For det fyrste har vi arbeidsinnvandring, der vi tek imot arbeidskraft. Luster er avhengig av denne typen innvandring for å tilføre lokalsamfunnet viktig kompetanse og dekke arbeidskraftsbehov i fleire sektorar.
I tillegg har vi innvandrarar som kjem til Luster som flyktningar. Ein flyktning har fått status som flyktning frå norske styresmakter eller FN. Noreg tek kvart år imot mange flyktningar frå FN-leirar rundt om i verda Desse blir busette i norske kommunar.
Det er kommunestyret som vedtek kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år.
I Luster er det flyktningtenesta ved NAV-kontoret som tek seg av mottak av flyktningar.