Ved å melde dei kartlagde rutene direkte til Kartverket, oppnår ein at data blir kontrollerte, koda, strukturerte og samanstilte med anna innhald i kartet. På denne måten vil rutene bli tilgjengelege i grunnlagskarta for alle som ynskjer å bruke informasjonen, anten det er for innsyn på nettstader eller for å lage turkart eller andre produkt.

For innmelding og endring av turruter, vinterruter, sykkelruter eller andre typar ruter, føl instruksen i kapitlet om registrering på kart i merkehåndboka. Husk spesielt å opplyse om rutetype, registreringsdato for kartlegging i terrenget og ansvarleg for vedlikehald av rutene i samandragsfeltet.

For meir informasjon om kartlegging og forvaltning av ruter sjå artikkel på kartverket.no om nasjonal database for tur- og friluftsruter. (Linkadr.: https://kartverket.no/geodataarbeid/temadata/nasjonal-database-for-tur--og-friluftsruter/ )

Meld inn tur- og friluftsruter i kartet (linkadr.: https://www.rettikartet.no/app/turruter)