Luster kommunestyre har i møte 15.04.2021, sak 21/21 gjort slikt vedtak:

« I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova, godkjenner Luster kommunestyre reguleringsplan for Bruflat – Grandmo med føresegner datert 13.01.2021. Kommunestyret legg til grunn at følgjande endringar er gjort, jf. plan og forvaltningsutvalet si tilråding:

  1. På sjølve plankartet skal gang- og sykkelveg SGS1 og SGS3 få ei tettare kopling, utan at den kan førast heilt saman.
  2. På plankartet skal det visast siktsone/ siktline til alle kryss.
  3. I føresegn 5.1.2 skal det inn eit pkt c: «Det skal utarbeidast ei geologisk vurdering av stabilitet i grunn.»
  4. Det skal inn ei føresegn som oppmodar om at eksisterande trær på tomt skal visast på situasjonsplan ved byggeløyve, og at desse skal ivaretakast dersom muleg innanfor regulert bustadområde. 
  5. Reguleringsføresegnene pkt 7.1.1.c vert teke ut or planen.

 

Saksdokument:

I kartløysninga kommunekart.com kan du sjå reguleringsplanen digitalt. I tillegg kan du sjå saksdokumenta ved å gå direkte inn i planregisteret og søkja på plannummer (planID) eller plannamn.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket kan, etter plan- og bygningslova (pbl.) §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova kap. VI, påklagast til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Eventuell klage må fremjast skriftleg til Luster kommune pr. e-post til postmottak@luster.kommune.no eller pr. brev til postboks 77, 6866 Gaupne. Klagefristen er sett til 16.05.2021. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksistenande tiltak, jf. pbl. § 12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram skriftleg innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl. §§ 15-2 og 15-3.

Utlegging til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 01.03.21

Luster kommune sender med dette forslag til detaljreguleringsplan for Bruflat – Grandmo ut til offentleg ettersyn med heimel i plan- og bygningslova § 12-10. Høyringsfrist 01.03.2021.

Planforslaget er i all hovudsak i tråd med gjeldande arealdel til kommuneplanen, og legg til rette for bustadutvikling i Gaupne mellom idrettsbana og eksisterande bustadfelt Bruflat.
For nærmare informasjon vert det vist til planomtala, samt plankart og føresegner. For området BFS3 skal plankartet vere som vist under med byggjegrenser for alle 3 tomtene.

Planen med tilhøyrande saksdokument ligg også på Servicetorget i rådhuset og på biblioteket på Pyramiden, Gaupne.

 

Lenke til planen på Kommunekart

Trykk her for å koma direkte til planen i Luster kommune sitt planregister

 

Har du merknader?
Eventuelle merknader til planen kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no innan 1. mars 2021.

 

Har du spørsmål?
Spørsmål knytta til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf.:57 68 55 07, E-post: Knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no eller planleggjar Birgitte Eitrem Landmark, tlf.:57 68 55 86, E-post: Birgitte.eitrem.landmark@luster.kommune.no

 

Plandokument:

Plankart

Reguleringsføresegner

Planomtale

ROS-analyse

 

Handsaming:

Saksprotokoll - sak PFU-72/20

Saksframlegg - sak PFU-72/20