Brukar i Visma EasyCruit

Frå 01.01.2022 har me nytt system, Visma EasyCruit, så om du har hatt brukar tidlegare vil den ikkje fungere no.
Om du skulle ha problem med brukaren din kan du kontakte Visma på telefon: +47 67 79 24 53 eller e-post: support.easycruit@visma.no
Me i Luster kommune har ikkje tilgang til å fikse dette. 

Me anbefalar å laga seg brukar slik at ein kan nytte registrert CV til fleire søknadar om det er aktuelt.
Er du interessert i fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Offentleg søkjarliste

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Utvida søkjarliste

Som søkjar til stilling har du rett til å sjå utvida søkjarliste på stillinga du har søkt på, dette gis ut på førespurnad.
Send e-post til postmottak@luster.kommune.no om du ynskjer innsyn i utvida søkjarliste.​

Personvern

Føremålet med Easycruit er å forenkle rekrutteringsprosessen til Luster kommune og mogeleggjere effektive vurderingar av kommunikasjon med søkjarane i samband med dette. Som ein del av bruken av Easycruit tek Luster kommune imot personopplysingar frå søkjarane. Luster kommune handsamar slike personopplysingar som ein del av vurderinga av søkjaren sine ferdigheiter og evner og om vedkommande eignar seg for den utlyste stillinga. Søkjarane kan nytte funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane sine til å slette, laste opp og redigere informasjon.

Søkjarane kan til ei kvar tid ta kontakt med Luster kommune for å utøve retten til tilgang, retting eller sletting av personopplysingar, eller for å avgrense handsaminga som er knytt til søkjaren, eller for å motsetje seg handsaminga, i tillegg til retten til dataflyttbarheit. Søkjarane har også rett til å sende klage til datatilsynsmyndigheitene med omsyn til handsaminga av personopplysingane.

Politiattest/vandelsattest

Fleire av stillingane krev at det vert levert politiattest. Dette må du skaffe om du får tilbod om stilling. Du får stadfesting som skal vedleggjast søknaden av leiar.