- Psykososial kriseberedskap (kriseteam) er eit supplement til det det ordinære kommunale tenesteapparatet når det er akutt behov for bearbeiding av normale psykologiske reaksjonar rett i etterkant av opplevde kriser/traumatiserande hendingar. Vidare psykososial oppfølging blir gjeve av det ordinære tenesteapparatet i kommunen.
- Psykososial kriseberedskap kan aktiviserast ved alvorlege, dramatiske og potensielt traumatiserande hendingar for dei involverte. Det kan vere ulykker, naturkatastrofar, og/eller uventa hendingar med tap av liv.
- Når ein hending inntreff kan psykososialt kriseteam varslast av kriseleiinga i Luster kommune, naudetatar, legevakt og sjukehus.
- Kriseteamet består av helsepersonell, prest, diakon og politi. Teamet har ikkje vaktberedskap, men blir kontakta ved bruk av utarbeidd varslingsliste.
Kriseteam
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.