Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Planvedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland innan 3 veker frå kunngjeringsdato.
Offentleg ettersyn. Høyringsfrist 29.11.21.
Plan- og forvaltningsstyret vedtok i møte 07.10.21, sak 73-21, å leggje reguleringsframlegg for Hafslotun ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 29.11.21. Hovudføremålet med reguleringsframlegget er å få regulert arealbruk i samsvar med dagens bruk.
Plandokument:
Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Luster kommune, pb 77, 6866 GAUPNE, eller i e-post til postmottak@luster.kommune.no innan måndag 29. november 2021.
Varsel om oppstart av planarbeid høyringsfrist 05.05.21
I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av arbeid med "Detaljreguleringsplan Hafslotun" gbnr 153/18, 153/19, 153/21 og 153/27 på Hafslo. Frist for innspel 5. mai 2021.
Området er i kommuneplanen sett av til fritids- og turistføremål. Samla er det på ca. 47 daa.
Dagens bruk på eigedomane er privat tenesteyting. Det betyr at bruken ikkje er i samsvar med kommuneplanen. Det er eit ynskje både frå eigarane og Luster kommune at planområdet vert omregulert til det det vert nytta som – privat tenesteyting. Plangrensa kan bli endra mot F55 Lustravegen, dersom siktlinjer for avkøyrsla krev det.
Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.
Arkitektkontoret 4B gjennomfører planarbeidet for grunneigar Ecura Bo og Habilitering. Terje Ottar Melheim er deleigar av eigedomen 153/18. Han er informert om oppstart av planarbeidet.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Arkitektkontoret 4B, Guri Fonsdal, guri@arkitektkontoret4b.no
Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til: Arkitektkontoret 4B, Trolladalen 30, 6856 Sogndal eller post@arkitektkontoret4b.no innan 5. mai 2021.