Her kan du lesa dokumenta i saka og senda innspel
Plansjefen vil understreke at det er ein flytande overgang med denne planen og sentrumsplanen for Gaupne, der det er sett ekstra fokus på trafikkavviklinga på fv 55. Dette får den konsekvensen at planen for Gaupnegrandane kan bli snevra inn, og at slutthandsaming vil vente på nokre konklusjonar i sentrumsplanen.
Merknadar til planen kan også sendast på epost til postmottak@luster.kommune.no eller pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne.
Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid for Gaupnegrandane – plan id 2021005. Frist for innspel 26.03.22
Oppstart av planarbeidet er i samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova, Luster kommune sitt planleggingsprogram og vedtak i plan- og forvaltningsutvalet 02.12.2021 sak 91/2021.
Planområdet omfattar Gaupnegrandane, strandsona mellom FV 55 og fjorden til Hotla og treningsbanen nord for FV 55. Sjå kart.
Området er tidlegare regulert i fylgjande planar:
- Gaupnegrandane vedteken 17.02.1984 plan-ID 1984001 – planen vil utgå i sin heilheit.
- Tvingeborgneset vedteken 15.12.1984 plan-ID 1984005 – gjeld område T1 og T2 mellom FV 55 og fjorden som er regulert til småbåthamn og kai.
- Gaupne sentrum vedteken 24.06.1998 plan-ID 1998002 – gjeld område regulert til industri/spolebase på nordsida av FV 55.
- Gaupnegrandane-Engjadalselva vedteken 17.12.2016 plan-ID 2016002 – planen vil utgå i si heilheit.
Alle desse planane finn du på www.kommunekart.com
Med nokre få unnatak er heile området regulert tidlegare. Hovudformål med omreguleringa er å få regulert heile Gaupnegrandane i samsvar med kommuneplanen. Området langs Jostedøla som har vore nytta til spolebase, vart trekt ut av reguleringsplanen då den vart godkjent i 1984. Denne delen av området er difor uregulert. Ved å få regulert heile Gaupnegrandane kan ein få utnytta ubygd næringsareal betre og få noko nytt næringsareal. Det vil i planen verta sett fokus på å gi innbyggjarane og besøkjande betra tilgang til fjorden og etablere samanhengande grøntkorridorar og turvegar frå sentrum. Området er sentrumsnært og ligg godt til rette for universelt utforma turvegar. Kai og småbåthamn er andre sentrale område i planen. Naturmangfaldet langs Engjadalselva og fjorden er også eit sentralt tema i planen.
Aktuelle reguleringsføremål i planen er bygg og anlegg (næringsbygg, naust), anlegg for samferdsle og teknisk infrastruktur (veg, parkering, kai, småbåthamn, turveg mm.), grønstruktur (naturområde, turdrag, friområde), bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone jf. § 12-5 i plan- og bygningslova.
Planområdet med føremål er i samsvar med:
- Gjeldande kommuneplan frå 2019 vedteken av kommunestyret 13.06.2019.
- Kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2028 vedteken 04.12.2017 som set fokus på tilgjengeleg næringsareal i Gaupne, at stadanalyse Gaupne skal leggjast til grunn for vidare sentrumsutvikling i Gaupne, ein skal vektlegge universell utforming, sikra tur- og rekreasjonsområde i sentrumsnære område, ivareta areal langs fjord og vassdrag for ålmenta som er eigna for bading og fiske og stanse tap av biologisk mangfald.
- Luster kommune sitt planleggingsprogram vedteke av kommunestyret 16.12.2021 der ny reguleringsplan for området har fått høg prioritet.
- Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020-2032 vedteken 28.11.2019 der sentrumsnære turvegar er høgt prioritert og tursti Haugabru-Hotla er prioritert for tilskot.
- Kommunal plan for trafikktrygging 2016-2028 vedteken av kommunestyret 05.11.2015 der gangsti-turveg til Hotla krev utarbeiding av reguleringsplan for å kunne realiserast.
- Stadanalyse Gaupne
Omreguleringa er i samsvar med overordna planar og vert vurdert til å ikkje få vesentlege verknadar for miljø og samfunn. Dermed vert det ikkje utløyst krav om planprogram etter pbl. jf. § 4-1.
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Inger Handegård, tlf. 57685591, e-post: inger.handegard@luster.kommune.no .
Det er viktig å få kunnskap til all planlagt og yngst aktivitet i området på eit tidleg tidspunkt slik at tiltaka kan vurderast og eventuelt innarbeidast i reguleringsplanen. Det er også viktig å få kjennskap til andre ting som kan påverke utarbeidinga av planframlegget.
Innspel og/eller merknader sendast her
ev. Luster kommune v/plan, Postboks 77, 6866 Gaupne eller
e-post postmottak@luster.kommune.no innan 26. mars 2022.