Planen består av mange dokument som må sjåast i samanheng:

  • Plankartet viser:
  • Planomtalen går gjennom føremål og prosess og skildrar dei overordna vurderingane rundt plangrepa. 
  • Føresegn og retningslinjer – Dokumentet syner generelle føresegn og føresegn knytt til arealbruken i plankartet. Dette er juridisk bindande føringar for arealbruk og utbygging i kommunen. I tillegg er det retningslinjer som ikkje er juridisk bindande, men som skal opplyse sakshandsaminga i kommunen og bidra til likebehandling.
  • ROS og konsekvensutgreiing -  Alle forslag til endringar som kan føre til ny bygging eller vesentleg endra bruk skal ha konsekvensutgreiing. Utgreiingane for enkeltforslag  er lagt ved som eigne vedlegg, fordelt på ulike bygder. I tillegg er metoden for vurderingane av nye byggeområde i kommunen og den samla konsekvensen av planforslaget skildra i eit eige dokument. Eit enkelt arealrekneskap er også inkludert her. 
  • Gjennomgang av ubygde areal er eit krav frå overordna mynde for å vidareføre reguleringsplanar og byggeområder i arealdelen som ikkje er realisert. Dokumentet viser vurderingane knytt til reguleringsplanar med alle typar arealføremål, urealiserte bustadområde og hytteområde i arealdelen.
  • Vurderingar av innspel som ikkje er med i planen er kommentert enten i pdf dokumenta om innspel som ikkje er innarbeida, eller i dokumentet «Innspel og planuttaler til oppstartsvarsel og planprogram.pdf».

Planen ligg ute til offentleg ettersyn fram til 29.september 2024. Om du har innspel eller kommentarar til planframlegget kan det sendast til postmottak@luster.kommune.no. Merk at forslag til nye byggeområde kan utløyse krav til ny høyring. Det kan difor vere utfordrande å få med nye forslag på dette stadiet i planarbeidet.

Se plankart og dokument på arealplaner.no  Se planforslag m vedlegg (postliste)    Sjå planprogram   Referat frå bygdemøte  Gjeldande kommuneplan    Se innspel