Læringsmiljø
Dei 7 fagområda
Her kan du lese litt om korleis dei 7 fagområda styrer og hjelper barnehagen med å sjå heile barnet og sikrar at borna opplever ulike verdiar.
Vil du lese meir finn du Rammeplanen i sin heilskap på www.udir.no . Rammeplanen er styringsdokumentet til alle tilsette i barnehagane.
Dei 3 pedagogane
1. pedagogen: Barnet- forskaren.
Rammeplan seier at barn har rett til å sei sin meining, og barnet sin rett skal vektleggast. Kor omfattande barna sin medverknad i kvardagen er avhenger av barna sin alder, modning og funksjonsnivå. Både kroppsleg og språkleg gir barn uttrykk for korleis dei har det i barnehagen. Me vil stimulera barn slik at dei tenker sjølve og får rom til å uttrykke sine meiningar. Barn skal bli sett, høyrt og verdsett for sin kompetanse. Me trur at barn lærer best gjennom teoriar, erfaringar og forsking. Dess meir barn deltek - dess meir lærer dei. Barn observerar, tek på, luktar og smakar på. Barn lærer strategiar, prøver ut hypotesar, feilar, tek pausar og prøver på nytt. Barn er forskarane og gjennom leiken bygger dei sin eigen læring.
2. pedagogen: Vaksne - medforskaren.
Dei vaksne må vera tilstades der barn er og lytta til deiras innspel. Me må vera nysgjerrige vaksne saman med barna. Det er ikkje eit mål å gi barn ferdige svar på det dei lurer på men å undre oss saman med dei. På denne måten inspirera me til nysgjerrigheit. Dei vaksne skal tilrettelegga og rettleia barna. Oppmuntring og støtte frå vaksne vil gi barn høve til å utvikla og tru på eigen meistring.
Vaksne må lytte meir enn dei snakka. Stille spørsmål i staden for å gi alle ferdige svar. Vera nysgjerrige i staden for å gi informasjon, og oppmuntra til forsking i staden for å overføra kunnskap. Vaksne og barn er likeverdige men ikkje likestilt.
3.pedagogen: Fysiske miljøet. Fleksibelt og stimulerande.
Dei vaksne har ansvar for å skapa eit fysisk miljø som inspirerar og utfordrar barn, og som vekker undring og nysgjerrigheit. Fysiske miljøet må kunne endra seg ettersom barna behov forandra seg og utifrå kva barna er opptekne av.