Fritidsaktivitetar er viktig:
Organiserte fritidsaktivitetar har fleire viktige funksjonar i barn og unge sine liv.
Dei er sosiale møtestader der ein får nye vener, ein bygger nettverk og sosiale ferdigheiter vert utvikla. Deltakarane får drive med aktivitetar dei likar, og dei utviklar ferdigheiter som gjev meistring og glede.
Alle barn har rett til ein god oppvekst, med ei meiningsfull fritid der dei kan kjenne på meistring, trivsel og fellesskap. Dessverre er det stadig fleire barn som opplev at dei ikkje kan delta på fritidsaktivitetar og vert ståande på sidelinja av ulike årsaker. Økonomi kan vere ei årsak til at nokon ikkje kan delta.
Barn i familiar med god økonomi deltek oftare i organiserte fritidsaktivitetar enn barn i familiar med svak økonomi. Låginntektsfamiliar må i mykje større grad spare opp pengar og planlegge om barna kan delta på aktivitetar. Dette kan føre til at barna let vere å spørje om å få delta, for å skjerme foreldra sine, og for å unngå skuffelsar.
Andelen av barn som veks opp i låginntektsfamiliar er aukande i Norge. Slik er det også i vår kommune. Luster kommune har derfor oppretta eit fritidsfond som skal bidra til at alle kan vere med.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking i fritidsaktivitetar i Luster!
Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Om du eller nokon du kjenner har lyst til å vere med på ein fritidsaktivitet i Luster, men ikkje har økonomi til det, fins det moglegheiter for å få hjelp med dette.
Lat ikkje økonomien stoppe barn og unge frå å delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar. Det er viktig for barn å vere med der andre barn er slik at dei kjenner seg inkludert og at dei får drive med spennande aktivitetar.
Lag og organisasjonar som søker kulturmidlar bør registrere seg i Friskus. Dette på grunn av at vi ønskjer at Friskus skal gje ein god oversikt over alt som skjer i kommunen.
Føresette - Slik gjer du det
- Ta kontakt med trenaren/leiaren for den fritidsaktiviteten barnet ditt er interessert i.
- Spør trenaren/leiaren om klubben/laget kan søkje om å få dekke trenings-/aktivitetsutgifta gjennom Luster fritidsfond.
- Trenaren/leiaren kan då søkje om å få dekka dine utgifter. Dersom søknaden vert innvilga vil fondet betale utgifta direkte til klubben utan at klubben gjev opp informasjon om at det er din familie dette gjeld. Søknaden er heilt anonym og det er berre du/din familie, trenar/leiar og medlemsansvarleg som veit at de har fått dekka utgifta via Luster fritidsfond.
- Det er sett ned eit fondstyre som vert handtert av Luster kommune. Fondstyret består av deltakarar frå både offentleg sektor, frivillig sektor og næringsliv, og dei skal vurdere søknaden og tildele etter gjeldande retningsliner.
NB: Nokon lag og organisasjonar har eigne støtteordningar, høyr med trenar/leiar om dette før du søkjer Luster fritidsfond.
Tek familien din imot sosialhjelp eller andre ytingar frå NAV kan dykk ha rett på å få dekka utgifter til barna sine fritidsaktivitetar der.
«Utgifter til fritidsaktivitetar, telefoni, tv, internett, transport og helse- og tannbehandling reknar NAV som ein del av livsopphaldet. Me ser og på om du har
særskilde ekstrautgifter som me bør ta omsyn til. Me legg særleg vekt på barn og unge sine behov» NAV Luster
Hjå NAV kan ein og søkje støtte til utstyr. Dette bidreg ikkje Fritidsfondet med.
Les meir om NAV sine støtteordningar her.
Leiar/trenar - Slik søkjer du
Fritidsfondet i Luster skal sikre at alle barn og unge i kommunen kan delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familien sin økonomi.
Trenarar/leiarar eller andre med verv i idrettslag/kulturskule og liknande kan søkje om støtte på vegne av barnet til medlemskontingent, lisens, trenings- /aktivitetsavgift og eigenandel til turar/leirar/cupar (Retningsliner for Fritidsfondet i Luster).
Dei ulike lag/organisasjonane må sjølve informera medlemmane sine om kven dei skal ta kontakt med og korleis dei skal gå fram.
Tek familien imot sosialhjelp eller andre ytingar frå NAV kan dei ha rett på å få dekka utgifter til barna sine fritidsaktivitetar der.
«Utgifter til fritidsaktivitetar, telefoni, tv, internett, transport og helse- og tannbehandling reknar NAV som ein del av livsopphaldet. Me ser og på om du har særskilde ekstrautgifter som me bør ta omsyn til. Me legg særleg vekt på barn og unge sine behov» NAV Luster
Hjå NAV kan ein og søkje støtte til utstyr. Dette bidreg ikkje Fritidsfondet med.
Les meir om NAV sine støtteordningar her.
Retningsliner for fritidsfondet
Retningsliner for Luster fritidsfond- ALLE MED
1.OM FRITIDSFONDET
Formål
- Fritidsfondet er eit samarbeid mellom offentleg sektor, frivillig sektor og næringslivet i Luster kommune, og har som formål å gi barn og unge frå familiar med svak økonomi moglegheita til å delta i organiserte fritidsaktivitetar.
Målgruppe
- Fritidsfondet si målgruppe er barn og unge i alderen 0 - 18 år som bur i Luster kommune og lev i familiar der økonomien er til hinder for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar.
Fritidsfondet si forvalting
- Fritidsfondet vert forvalta av fondsstyret, som har tre medlemmar. Styremedlemmane rullerar årleg ved at Luster idrettsråd, næringsliv, og Luster kommune v/oppveksteininga vel eit styremedlem kvar.
- Luster kommune stiller med sekretær til fondsstyret. Fondsstyret bestemmer sjølv prosedyrane for eiga saksbehandling.
- Fondsstyret kan på eiga initiativ fremje ynskje om å endre retningslinene til fondet. Medlemmane i fondsstyret behandlar endringane og dei vert gjeldane viss alle tre er einige.
Finansiering av fondet
- Fritidsfondet vert finansiert gjennom pengeinnsamling ein eller fleire gonger pr. år.
- Sekretæren held fondsstyret oppdatert om fondet sin økonomiske status og styret avgjer når innsamlinga av pengar skal starte og stoppe, og korleis pengane skal bli samla inn.
- Sekretæren gjennomfører pengeinnsamlinga etter bestilling frå styret.
2.FOR DEN SOM VIL SØKJE
Kven kan søkje (på vegne av barnet)?
- Alle lag og organisasjonar i Luster kommune kan søkje om støtte. I tillegg kan Sogn kulturskule søkje om støtte.
- Tilsette i barnehage, SFO, skule, helsestasjon, Psykisk helseteam, NAV og flyktningtenesta kan og søkje på vegne av barnet.
Kva kan det gis støtte til og kor mykje?
Det vert gitt støtte til:
- Medlemskontingent
- Lisens
- Trenings - og aktivitetsavgift
- Eigenandel for turar
- Leirar og cupar
- Fleksibillett og årskort i Lustrabadet
- Klippekort og dagskort i Sogn skisenter
Det er ingen beløpsgrense, søknadar vert vurdert individuelt og beløpet som vert søkt om kan bli innvilga heilt eller delvis. Medlemskontingent, lisens, trenings- og aktivitetsavgift vert prioritert. For søknadar om støtte til turar vil turar innan region Sogn ha prioritet, dette for å sikre at flest mogleg får gleda av fondet.
Søknaden
- Søknadar sendast elektronisk via skjema: Søknadsskjema
- Det skal sendast eigen søknad for kvart barn det skal søkjast for. Ein søknad kan ikkje omfatte fleire aktivitetsavgifter eller eigenandelar for fleire turar. Det er ingen søknadsfrist, søknadar vert behandla løpande.
3.BEHANDLING AV SØKNADAR
Kven behandlar søknadane?
- Sekretæren til fondsstyret tek imot søknadane, vurderer søknadane i forhold til retningslinene til fondet og sender styret ei innstilling.
- Styret behandlar innstillinga og fattar gyldig vedtak som fleirtalsvedtak.
- Sekretæren følgjer opp vedtaket, som til dømes ved å utbetale dersom søknad er innvilga.
Frist for å svare på søknad
-
Søkjar skal normalt ha svar på resultatet av søknadsbehandlinga seinast 10 dagar etter søknadsdato.
Tildeling av midlar frå fondet
- Det kan tildelast støtte så lenge det er midlar på fondet. Styret skal forvalte fondsmidlane slik at alle lag og organisasjonar som har rett til støtte vert oppmuntra til å søkje, og har reell moglegheit til å ta imot støtte.
Korleis gje støtte til fritidsfondet?
Fritidsfondet i Luster set pris på små og store gåver og donasjonar frå bedrifter, lag og organisasjonar og enkeltpersonar. Luster kommune og Luster Sparebank har bidrege med 50.000 kr. kvar i samband med oppstart av fondet.
Mange bedrifter i Luster er gode til å bidra med sponsormidlar og gevinstar til lotteri o.l.
Dersom det er nokon som ynskjer å gi midlar til Fritidsfondet, slik at barn og unge frå låginntektsfamiliar skal kunne delta i fritidsaktiviteter, synes me det er veldig flott!
Dette betyr mykje for mange. Lokale støttespelarar er viktig for lokalsamfunnet.
Ynskjer du/de å bidra med midlar til Fritidsfondet i Luster?
Du kan sette inn pengar på fondet sin konto: 3785.07.00142
NB! Merk innbetalinga med: prosjektnr. 20007, Luster Fritidsfond.
Eller du kan bruke Vippsnr: 596521. Hugs å skrive kven innbetalinga er frå.
(Fondet vert administrert av Luster kommune.).
For bedrifter som sponsar Fritidsfondet:
Sponsorar og samarbeidspartnarar som sponsar Luster fritidsfond med 50 000 kr. eller meir får framheva logo på framsida til fondet si nettside, og bli promotert alle stader der fondet skal presenterast.
Sponsorar, samarbeidspartnarar og lokale støttespelarar som sponsar Luster Fritidsfond med mindre enn 50 000 kr. får framheva logo på fondet si nettside.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller andre henvendingar, ta kontakt med sekretæren for Luster fritidsfond.
Marte Kvisterø Krogstadmo
E-post: Luster.fritidsfond@luster.kommune.no
Du kan og sende ei melding til oss ved å nytte kontaktskjemaet under.