Ope møte om ny reguleringsplan for Gaupne sentrum onsdag 18. oktober
Norconsult har fått i oppdrag å utarbeide detaljreguleringsplan for Gaupne sentrum, og ynskjer i den forbindelse å også få innspel frå innbyggjane og dei lokale næringsaktørane i kommunen. Norconsult vil presentere korleis ein arbeider med sentrumsplanen og informere om framdrift. Ut i frå dette ynskjer ein også å få innspel til planen.
Planarbeidet omfattar fleire sentrale tema:
- Trafikkløysingar
- Nye offentlege bygg
- Næringsareal
- Infrastruktur
- Miljø- og klimavenlege løysingar
For å sikre ein god prosess og utarbeiding av ein plan som balanserer flest mogeleg omsyn, ynskjer Norconsult spesielt innspel på uterom, grøntareal, fortetting og vegløysingar for sentrumsområdet. Trafikkløysingar, infrastruktur og næringsareal er tema for planen som det er særskild interessant å få innspel om frå næringslivet.
Møtet blir i kommunestyresalen på Rådhuset i Gaupne onsdag 18. oktober i to deler:
- kl. 14.00 for næringslivet og
- kl. 18.00 ope møte for innbyggjane i kommunen
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Nikolai Weum-Andersen, tlf. 41 66 86 39, e-post: nikolai.weum-andersen@luster.kommune.no
Informasjon om oppstart av planarbeidet finn du nedanfor:
Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid for Gaupne sentrum. Frist for innsending av innspel er 30.06.23.
I samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla oppstart av reguleringsarbeid for Gaupne sentrum.
Planen er forankra i Luster kommune sitt planleggingsprogram for 2023.
Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for eit framtidsretta sentrum og sentrale oppgåver som skal avklarast er m.a.
- Trafikkløysingar med ny kryssløysing RV 55
- Nye offentlege bygg som helsesenter, kulturbygg og omsorgsbustader
- Utvikling av privat næringsareal
Planen skal utformast som ein detaljert reguleringsplan jf. PLBL §12-3. Aktuelle reguleringsføremål jf. PLBL § 12-5 er:
- Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur
- Bygningar og anlegg
- Grønstruktur
- Bruk og vern av vassdrag
- Omsynssoner - faresoner