Skjenkeløyve gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode.

Skjenkeløyve vert gjeve til den som er økonomisk ansvarleg for verksemda. Løyvehavar kan vere ein fysisk person eller eit ansvarleg selskap, eit aksjeselskap eller ein samanslutning.

For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein reservestyrar som må godkjennast av kommunen. Styrar og reservestyrar må vere tilsett på skjenkestaden eller arbeide i verksemda i kraft som eigar. Styrar og reservestyrar må dokumentere greidd kunnskapsprøve om alkohollova. Kunnskapsprøva kan takast hjå Luster kommune. 

Søknadsskjema for skjenkeløyve

Forskrift om skjenketider i Luster kommune.

Den som får skjenkeløyve må også ha serveringsløyve,jf. serveringslova.