Søke og endre skjenke-, serverings- og salsløyve

Når treng du skjenkeløyve?

  • Har du serveringsbevilling frå før og i tillegg ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkebevilling.

Når treng du serveringsløyve?

  • Planlegg du å starte ein stad der det blir servert mat eller drikke, må du ha serveringsbevilling.

Når treng du salsløyve?

  • Butikkar som skal selje alkohol må søke om salsløyve. Løyva gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.
  • Det må søkast om ny løyve ved vesentleg endring i eigarsamansetning eller endring av konsept for verksemda.
  • Ved verksemdsoverdraging kan ny eigar drive på eksisterande løyve i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om ny løyve må vere levert kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.
  • Ved konkurs fell løyvet bort.

Du må søke om endringar dersom:

  • Selskapet skiftar eigar eller gjer endringar i eigardelar
  • Du utvidar arealet inne eller ute
  • Du har løyve innandørs, og søker om uteservering
  • Du søker om utvida tid inne og ute
  • Staden har fått ny dagleg leiar for ei serveringsløyve
  • Staden har fått ny styrar
  • Staden har fått ny reservestyrar

Om du endrar selskapsform (for eksempel frå ENK til AS eller fra NUF til AS) blir det ikkje rekna som ei endring. Då må du søke om nytt løyve.

Søk her

Søknad om skjenkeløyve til ope/lukka arrangement

Søknad om skjenkeløyve til ope/lukka arrangement

Lever omsetningsoppgåve

Dersom du ønskjer å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved eit enkelt høve, må du søke kommunen om ambulerande skjenkeløyve, eller skjenkeløyve for enkelthøve.

Når treng du å søke om skjenkeløyve?

Dersom du ønsker å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved ei bestemt anledning, må du søke kommunen om ambulerande skjenkeløyve, eller skjenkeløyve for enkelthøve.

Du må søke om skjenkeløyve om:

  • du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Søknaden må sendast til politiet for uttale. Det er difor viktig at søknaden din inneheld gode opplysningar om staden og kva slags arrangement dette er.

Ambulerande skjenkeløyve - lukka arrangement

Dersom du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma, må du søke om ambulerande skjenkeløyve. 

Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding og/eller inngangsbillett. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for utanforståande, heller ikkje med påmelding.

Vanlege medlemsmøter i ei foreining, klubber og liknande vert normalt ikkje rekna som slutta selskap sjølv om moglegheitene for medlemskap er avgrensa.

Du må søke ambulerande løyve dersom ei eller fleire av følgande forutsetningar er til stades:

  • dersom ein leiger lokale pluss fleire tenester av utleigar (vasking, servering o.l.)
  • dersom ein tar betalt for alkohol
  • dersom lokalet der festen skal haldast har serveringsløyve

Skjenkeløyve for enkelthøve - ope arrangement

Skjenkeløyve for enkelthøve kan vere eit enkelt ope (offentleg) arrangement som for eksempel konsertar, teater, studentveke, festivalar m.v.

Du må søke skjenkeløyve for enkelthøve dersom gjestane er inviterte for eksempel via annonsar, plakatar eller sosiale media.

Det finst ulike typar skjenkeløyve for enkelthøve:

  • Alminneleg løyve for enkelt ope arrangement 1-6 dagar – blir avgjort administrativt
  • Alminneleg løyve for enkelt ope arrangement utover 6 dagar – blir avgjort politisk

Viktig informasjon til arrangørar av større arrangement

Planar, meldeplikt og godkjenning

Ved søknad om skjenking ute, i telt og ved andre større arrangement skal det alltid leggast ved teikning som viser kva areal søknaden omfattar, kvar skjenkinga skal gå føre seg og kva løysing ein har planlagt for sikring av området, vakthald o.l.

For allment tilgjengelege arrangement er det også meldeplikt til politiet, og arrangøren må sjølv, i god tid før arrangementet, ta kontakt med politiet for gjennomgang av opplegget for arrangementet, jf. politivedtektene.

Internkontroll

For opne arrangement av eit visst omfang vil det bli krav at den som har løyva har eit internkontrollsystem som sikrar at reglane i alkohollova blir overhaldne og at alle som er involvert i skjenkinga i samband med arrangementet er tilstrekkeleg informert om gjeldande reglar.

Nærare informasjon om kva internkontrollsystemet bør innehalde finn du i Guide til god internkontroll etter alkoholloven (Helsedirektoratet).

Sikkerheit ved større arrangement

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd ei rettleiing for sikkerheit ved store arrangement . Denne inneheld gode råd for sikker avvikling av arrangement og kan lastast ned frå direktoratet si heimeside ved å klikke på linken ovanfor.

Kva krav må du oppfylle?

  • Løyvesøkar må ha fylt 20 år.

  • Ein person skal stå som ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må ha fylt 20 år.

Omsetningsoppgåve

Seinast 14 dagar etter arrangementet må du sende ei omsetningsoppgave til kommunen der du oppgir kor mykje alkohol som er omsett.

Kva kostar det?

Gebyret skal dekke kommunen sine kostnadar til sakshandsaming og kontroll. Du får derfor normalt ikkje tilbakebetalt eller ettergitt gebyr for arrangement som ikkje blir gjennomført.