I samsvar med § 12-12 i plan- og bygningsloven kan vedtaket klagast på, og fristen for å klage på vedtak av planane er sett til 22. april 2024.
Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.
Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.
Tidlegare handsaming:
Offentleg ettersyn. Høyringsfrist 10.01.24
Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 16.11.2023 (sak PFU – 71/23) å legge forslag til detaljregulering for felt H1, Osen ved Åsetevatnet/Mørkrid, med føresegner, planomtale og ROS-analyse, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Høyringsfrist 10.01.24.
Føremålet med planen er å leggja til retta for 6 hyttetomter med felles utedo.
Har du merknader?
Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne eller elektronisk på postmottak@luster.kommune.no innan måndag 10.01.2024.
Har du spørsmål?
Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/ planleggjar Cristina Grillo,
tlf.: 905 49 327,e-post: cristina.grillo@luster.kommune.no.