Salstider - for alkoholhaldig drikk i gruppe 1

 

Dag
Tidspunkt
Kvardagar kl. 09.00 - 20.00
Laurdagar kl. 09.00 - 18.00
Dagar før søndag og heilagdagar kl. 09.00 - 18.00
Onsdag før skjærtorsdag kl. 09.00 - 18.00
Påskeaftan kl. 09.00 - 16.00
Dagen før 1. mai  kl. 09.00 - 20.00 (laurdag -18.00)
Dagen før 17. mai  kl. 09.00 - 18.00
Onsdag før Kristi Himmelfartsdag kl. 09.00 - 18.00
Pinseaftan kl. 09.00 - 16.00
Julaftan kl. 09.00 - 16.00
Nyttårsaftan kl. 09.00 - 16.00
Valdagen vanleg salstid

Skjenketider for gruppe 1-3

  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (frå 2,5 til 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 09.00 til kl. 01.30.
  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 3 (frå 22 til 60 volumprosent alkohol kan skje frå kl. 13.00 til kl. 01.00.

Utandørs skal all skjenking av alkoholhaldig drikk vera avslutta kl. 23.00.

Skjenking etter sesong

Skjenketid ved overgang til vintertid

Ved overgang til vintertid blir klokka stilt tilbake frå kl. 03.00 til kl. 02.00. Skjenketida til alle skjenkestader går ut når klokka blir 03.00 første gang den natta, og den blir ikkje utvida med ein ekstra time.

Skjenking ved overgang til sommertid

Ved overgang til sommertid blir klokka stilt fram frå kl 02.00 til kl 03.00. Skjenkestader som har skjenketid til kl 02.00 eller seinare, må stenge skjenkinga på det tidspunktet klokka blir stilt fram, det vil seie kl 02.00. Klokka er då 03.00 etter ny tid.