I Luster er rolla som barnehagemyndigheit lagt til rådmannen sin stab ved juridisk rådgjevar og skilt frå rolla som barnehageeigar som ligg til kommunalsjef oppvekst, jf. kravet i barnehagelova § 11 om at oppgåvene som barnehagemyndigheit skal vera organisert åtskild frå oppgåvene kommunen har som barnehageigar når dette er eigna til å ivareta tilliten til at kommunen er upartisk som barnehagemyndigheit.

Tilsyn

Barnehagelova § 53 pålegg kommunane som barnehagemyndigheit å halda tilsyn med at barnehagane vert drive i samsvar med barnehagelova med forskrifter.

Dispensasjonar

Barnehagemyndigheita handsamar søknad frå barnehagane om dispensasjon frå til dømes utdanningskrav til pedagogisk leiar eller styrar.