Det sa ordførar Torodd Urnes då han annonserte Finn Roald Skare som vinnar av kulturprisen i starten på julemøtet til kommunestyret. Og han heldt fram:

- Det heile starta med interessa hans for fagforeiningsarbeid og som tillitsvald i Norsk Bygningsarbeiderforbund. Denne skuleringa og etter kvart tileigna kunnskap og praksis skulle visa seg å verta nyttig for dei aktivitetane kulturpriskandidaten også seinare har engasjert seg i.

Poltisk engasjement vart også skapt som fylgje av dette, og i ein periode på åtti-talet var han også medlem av Luster kommunestyre, perioden etterpå i skulestyret.

Men også heilt lokalt organisasjonsarbeid vart ein del av kandidaten sitt engasjement, og eg vil her kort nemna tillitsverva i det lokale idrettslaget og bygdalaget.

Han har tanke for så mangt, og får folk med seg. Alltid hjelpsam og i godt humør. Teknikken er i trygge hender når lokale arrangement skal gå av stabelen, anten det er 17.mai – eller andre samkome som f. eks. Lustraløpet som han har vore med å arrangere i alle år.

Radio Luster eit hjartebarn

Kandidaten har utvist eit allsidig og breitt engasjement innan kulturlivet, men det er i nærradioen – Radio Luster – at kandidaten truleg har lagt ned størst innsats. Sidan 1986, då kandidaten første gong prøvde seg som programleiar og til han overtok det tekniske ansvaret i Radio Luster,  leia den tekniske utbygginga av sendaranlegget på Molden, og no for tre år sidan starta prosjektet med straumframføring til fjelltoppen, har det vorte mange ”frivillige” timar.

I Radio Luster er kandidaten mest som ”pytt i panne” og dekker dei fleste funksjonane frå teknikar til program-medarbeidar, og no i dei siste to periodane som styreleiar i tillegg.

Luster kommune har med denne tildelinga valt å leggja vekt på at kandidaten har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng. I statuttane er det også lagt vekt på at kulturprisen skal vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid og vera ei påskjønning for frivillig innsats.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2009 skal tildelast Finn Roald Skare, avslutta ordføraren.

 

04 Kulturprisen Finn ++.jpg

Gåvesjekk på 10.000 kroner og eit diplom var synlege teikn på denne pristildelinga.