P1020909.JPG

Dette sa ordførar Torodd Urnes ved utdelinga av kulturprisen 2005 under opninga av Luster kommunestyre 15. desember 2005, og han heldt fram:

Den einaste kjende bygdedansen som me kjenner til framleis eksisterer i Luster kommune, er Jostedalsspringaren. Dei utøvarane som den siste halve mannsalderen har halde denne i hevd ved lokal opplæring, kurs og deltaking i ulike kappleikar, er Sigrun og Lars M. Vigdal. I løpet av dei siste åra har desse gjennom sterkt engasjement lært opp om lag 10 par i denne etter kvart landskjende bygdedansen. Desse para har delteke både på Landskappleik, Vestlandskappleik og Fylkeskappleik.

Ved den siste Vestlandskappleiken i oktober 2005, stilte nokre av desse para igjen til kappestrid. Denne gongen etter mykje øving på hotellet. Dei nominerte har heile tida verka som pådrivarar og har stått på med innkalling gjennom telefon, rundskriv og munnlege oppfordringar. Og sjølvsagt har det også vorte nytta levande musikk til denne øvinga.

Vestlandsmeistrar

Etter tidlegare å ha vorte noko neddømde grunna for lite samøving og samdans, slo Jostedal Spel og Dansarlag i år til med å verta Vestlandsmeistrar. Særleg gildt var det at dei oppnådde ein poengsum som var 1. premievinnarar verdig, heile 12 poeng føre neste lag.

Sett litt frå utsida er me ikkje i tvil om at hadde det ikkje vore for at dei nominerte har vore så iherda og ivrige etter å få lært opp andre dansarar til Jostedalspringaren, så ville denne dansen om 10 - 20 år stort sett eksistert berre i arkivet og i namnet.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2005 skal tildelast Sigrun og Lars M. Vigdal.

Saman med diplomet følgde det med ein gåvesjekk på 10.000 kroner.

Takk til dei som sende inn forslag,

og takk til dei som har bestemt at me skulle få prisen, sa Lars M. Vigdal då han bad om ordet for å takke. Og så bar han fram eit ynskje om at dei som i ungdommen og opp gjennom åra hadde lært å danse springar no må koma på bana att, slik at den kan leve vidare. – Elles ynskjer eg å takke Else Marie Haugen – speledama vår. Ho stiller alltid opp. Utan hennar hjelp hadde vi nok ikkje vorte meistrar, avslutta Lars, som saman med Sigrun takka skikkeleg for prisen ved å danse Jostedalsspringaren med kommunestyremedlemane som ringsitjarar.

 

P1020924.JPG