Dette skriv Vestland fylkeskommune om arbeidet som skal gjerast:
Feigum sag og mølle på gbnr. 64/2. Reparere taket, vindauga, skifte ut øydelagd golvbjelke og montere hjørnekasser. I tillegg må nokre deler i bindingsverket og golvet bytast ut.
Eigendomen har dokumentert historie tilbake på 1600-talet. Den representerte starten på industri i Luster. Fleire kjente kunstnarar som Gude, Eckhoff og Wergeland har nytta mølla som motiv i sine måleri.
Steinsel/kjellar på Nedstestøen; Ormelid gbnr. 1/1. Stiftinga er i gang med restaurering av selet på Nedstestølen. Arbeidet med både murane og tømra-selet er i gang.
Munthehuset på Kroken gbnr. 182/1. Restaurering av vindauga. Munthehuset er bygd i perioden 1765-1785. Munthehuset var i perioden frå tidleg 1800 og fram til kaptein Gerhard Munthe sin død i 1876, samlingsstad for dei mest kjente nasjonalromantiske målarane på den tida. Frå 1897 til 1955 var huset leigd ut til Nordre Bergenhus Amt sin praktiske jenteskule som var Norges eldste offentlege jenteskule, starta i Holmedal i Sunnfjord i 1877.
Nedstestølen til Ormelid.