Luster danseverkstad.jpg
Luster Danseverkstad fekk kulturprisen 2008, her saman med ordførar Torodd Urnes etter utdelinga. Frå venstre: Dag Rune Sjølie, Christer Sjølie, Ramon Navarro, Oda Mølmesdal Flaten, Eli Høyheim, Sandra Solvi, Elice Gandrudbakken.

Kulturprisen i år vert tildelt ein kulturaktivitet som er både ny, ung og spennande. Tradisjonen er nok ein del av dei kulturelle røtene våre, men utforminga, koreografien og intensiteten er av relativt ung alder, sa ordførar Torodd Urnes då han delte ut prisen til Luster Danseverkstad under julemøtet til kommunestyret.

Luster kommune har med denne tildelinga valt å leggja vekt på tre tilhøve: For det første er det eit viktig moment at aktiviteten har skapt eit stort engasjement mellom ungdommen. Heilt frå starten av har intensjonen med denne aktiviteten vore å engasjere ungdom i ein type aktivitet som dei sjølve vert opptekne av. Konkret kjem dette til uttrykk ved at ungdommen sjølve vert opplærde til å fungere som instruktørar og læremeistrar for nye aktive.

For det andre har denne aktiviteten vist oss - ja, ”overbevist”, trur eg at eg vil seia, om at det er fullt ut mogleg å skape ein høg kvalitet på det me gjer berre vilje og tålmod rår, og trening og atter trening vert prioritert.
Ein fantastisk innsats gjennom Ungdommen si Kulturmønstring på lokalt, fylkes- og nasjonalt nivå har vore ein god dokumentasjon på at desse ungdomane også har nådd eit høgt fagleg nivå.
Sjølv har me fått oppleva aktiviteten deira i form av programinnslag her i Sogn, og det er ikkje vanskeleg å bli imponert over den harmonien, spensten og akrobatikken.

Og for det tredje skapar aktiviteten i seg sjølv eit verdifullt grunnlag for å byggja vennskap og relasjonar både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Inspirerande og motiverande

Kulturprisen i år går til ei gruppe ungdommar frå Luster som har gjort seg fortent til prisen. Kommunen vil også, ut i frå eit sterkt ønskje om at denne prisen skal verka inspirerande og motiverande, håpa at me får oppleva meir av den kulturelle aktiviteten og gledespreiinga som de representerar for framtida.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at kulturprisen for 2008 skal tildelast Luster Danseverkstad.

Då må eg få be om at leiaren, Dag Rune Sjøli, kjem fram og tek i mot gåvesjekken på 10 000 kroner på vegne av prisvinnaren. Til kvart av medlemane i Luster Danseverkstad har me og fått laga eit diplom som eit synleg teikn på denne pristildelinga.

Lukke til med det viktige kulturarbeidet også i åra som kjem!

- Tusen hjarteleg takk,
sa Dag Rune Sjølie på vegne av alle medlemane av dansegruppa. Dette var ikkje venta, og vi er ufatteleg stolte. Vi er også stolte over at vi ved dansen kan vere med å binde ungdomane saman. Vi driv ikkje noko dansekonkurranse, her kan alle vere med, avslutta Sjøli før dei takka for prisen med ei danseoppvisning.