Lars takkar.jpg

Kulturprisen 2003 til Lars Nitter Sie

- Kulturprisvinnaren har heilt sidan barndommen fått opplæring og innsikt i dei tradisjonane som knytte seg til arbeids- og kvardagslivet. Foreldra viste å setja pris på kulturarven, og gjennom praktisering av lokale tradisjonar og aktivt vedlikehald av alt frå bruksting til bygningar og verktøy fall det etterkvart naturleg å sjå sakene an i lys av denne arven, sa ordførar Torodd Urnes då han delte ut kulturprisen 2003 til Lars Nitter Sie på julemøtet til kommunestyret. Saman med diplomet følgde det også ein sjekk på 10.000 kroner.

Og ordføraren heldt fram: - Det er mange som i dag vil nikka anerkjennande til det arbeidet som årets kulturprisvinnar har stått for – og framleis brenn ihuga for. Ikkje minst i vedkomande sitt nærmiljø, men også i eit større geografisk perspektiv.

Luster kommune er vide kjend for dei mange og unike kulturminna. Forvaltaransvaret og tilsynet med eit kulturminne set krav til oss som innbyggjarar og politikarar. Det er og eit viktig varemerke for ein kommune i dag å kunna visa til kulturminne som har gjennkjenningsverdi både i eit lokalsamfunn og i verdssamfunnet. Det er med på å styrke identiteten vår, og gjer opplevingane i ein vakker og variert natur meir innhaldsrike og kvalitativ gode.

I nominasjonen for årets kulturpris er dette eitt av dei sentrale momenta, nemleg den rollen me spelar overfor eit kulturminne som er i ferd med å bli borte, gløymd eller på andre måtar går ut or folks omtanke og bruk.

Pilotprosjektet Stuaflåten

I mange år har Lars vist eit eineståande engasjement og ”stå – på – iver” gjennom det lokale sogelaget for bygdebok-prosjektet med innsamling av opplysningar til gards- og ættesoga.
Han har teke mangt eit initiativ til å få folk opptekne og glade i kulturlandskapet både med sine særprega naturopplevingar, men også dei menneskeskapte spor etter forfedrar – gjerne med eit islett av slit og ukueleg optimisme. Eitt av desse er den fasinerande og utruleg, men likevel spesielt lokaliserte husmannsplassen Stuaflåten. Denne gamle husmannsplassen som i si tid høyrde til garden Ytre Eikum, men som likevel er lettast tilgjengeleg frå Mollandsmarki, representerar noko av det særeigne mellom våre kulturmine.

Over tid har dette vorte til eit verkeleg føredøme – ja, eit pilotprosjekt for dei som er opptekne av kulturminnevern. Frå å vera eit sjeldan turmål for folk som ville prøva noko nytt i Lustranaturen, er Stuaflåten i dag vorte både eit spesielt turmål, ein ekskursjonsplass for studentar og skuleelevar - til og med frå nabokommunar. – Men ikkje minst er det vorte ein stad der folk med sansen for tradisjonar også kan få vera med på ljåslått, hesjing og praktisk restaureringsarbeid på det som er att av bygningar på plassen.

Kulturprisvinnaren er i nominasjonen trekt fram som den som har vore sjølve drivkrafta i dette arbeidet. Han har i tillegg til å visa interesse, og teke initiativ i dette store dugnadsprosjektet, og brukt seg sjølv både i planlegging, praktisk arbeid og guiding.

Når me då i tillegg veit at han er fødd i 1920, og veit kva for fysiske anstrengelsar som har utspelt seg på Stuaflåten – for ikkje å gløyma ”til og frå” denne plassen, er det ikkje mindre imponerande!

Lars takka og inviterte til Stuaflåten

- Takk for prisen og æra som de viser meg. Eg vart heilt overraska då kultursjefen informerte meg om vedtaket. Eg rekna ikkje med at eg kunne ha fortent å få Luster kommune sin kulturpris. Når eg fyrst får den, so seier eg hjartleg takk, sa kulturprisvinnaren i takketalen sin, og heldt fram med å fortelje om historikken til Stuaflåten, og arbeidet som er utført der dei siste åra.

- Tidleg vår er eit kjennemerke for denne buplassen hengande over Lustrafjorden med utsikt utover til Fodnes og innover mot Kroken. Hans Stuaflåten var den siste som budde fast der. Han og kona hans, ho Anna, og dotteri Maria, og Alida som Anna var bestemor til. Skulen deira var på Molland. Hans var postbud til han flytte derifrå i 1913. Årsløna hans skulle vera 50 kroner. Kyrkjevegen til familien på Stuaflåten var til Solvorn.

Mykje kunne vore fortalt om livet på denne plassen, om korleis det var å onna og fora dei dyri som måtte til for å fø ein heil familie, men også korleis det sosiale livet arta seg for ein familie som budde slik til som dei på Stuaflåten gjorde. Men eg vil slutta med å seia at dette må de sjøle tenkja i gjennom når de er der på plassen.

Velkomne til Stuaflåten – til potetkaker med sirup på!

Derfor vil eg be alle i kommunestyret med ned på Stuaflåten til våren – for eksempel i mai. Eg skal by på potetkaker og de sjølve teke med kaffi. Smør og sirup høyrer med til serveringa når me har dugnad, så det skal eg ordna med óg, avslutta prisvinnaren.

Raus gåve til Stuaflåten

I ettertid er Lustranytt vorte kjend med at Lars ikkje sette pengane han fekk inn på sin private konto, men valde å gi heile summen på kr. 10.000 til Stuaflåten.

Lars paa stuaflaaten.jpg

Frå ein dugnad på Stuaflåten. Lars viser korleis dei batt troene med vidjer før i tida.