I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Heilt frå i ungdommen har kulturpriskandidaten vår vore aktiv i «ly og lag». Då Sogn ungdomslag hadde sine årvisse stemne rundt om i fylket, var kandidaten vår som oftast med og deltok i «amatør-tevlingar» der han deklamerte dikt. Noko kandidaten hadde ei spesiell evne til. Innlevinga og framføringa, sjøvsagt utanboks, førte til at han gjekk sigrande ut or desse tevlingane … gong etter gong.

Ved ungdomsstemner i Fjærland gjekk han to gonger over fjellet dit med flagg som hadde ei eiga historie. Flagget var utan unionsmerke som hadde vore påbode medan landet vårt var i union med Sverige. Sogn ungdomslag som del av Noregs ungdomslag var med å påverka kampen for det reine norske flagget. Luster ungdomslag hadde skaffa seg eit flagg utan unions-merke alt før dette var vedteke.

Då Sogn ungdomslag feira jubileum i Fjærland var det kandidaten vår, saman med tre andre frå Luster som gjekk over fjellet med det gamle flagget. Det same gjorde dei ved 100 års jubileet i1998. Dei var også med på ei markering i Trondheim same året, og det gamle flagget er no i trygg lagring i ein safe i Luster Sparebank.

Luster ungdomslag hadde tradisjon for å driva med mange aktivitetar der kandidaten vår både var med og samtidig var ein pådrivar for å få andre med. Mellom anna var det mange gonger amatørteaterarbeid med mykje øving og flotte framsyningar. Laget gjorde seg synleg i vide krinsar, og dette førte også med seg at dei tok på seg arrangøransvaret for  «Sogne-stemna» eit år. Dei fekk ofte i stand program-kveldar som dei la ned mykje arbeid i, og det er i dag denne kulturelle innsatsen, ikkje berre for si eiga interesse, men for lokalsamfunnet og kommunen me i år ønskjer å markere med Luster kommune sin kulturpris.

Framleis kan me be han Anders om eit dikt når det høver. Spørsmålet er berre kva for eitt me vil høyra? Så hentar han fram frå minnet det eine «gullkornet» etter det andre. Det er imponerande at det han lærde som ung, framleis sit friskt i minnet hans i ein alder av 84 år.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Og det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen for 2015 til deg Anders Kvam. Prisen er på kr. 20.000 i tillegg av eit diplom og blomsterhelsing frå Luster kommunestyre.

Anders Kvam får kulturprisen.jpg

Anders Kvam får kulturprisen av ordførar Ivar Kvalen.