Kunstnarane Siri Hjorth, Marianne Bredesen og Sebastian Makonnen Kjølaas markerte eit fire års langt prosjekt-arbeid med å avduke den sju meter lange og tre meter høge «munnhand»-skulpturen laga av utvalt furumaterialar frå Nordmøre. Wittgenstein-monumentet, som er tittelen på skulpturen, er plassert på Vassbakken i Fortun.
Symbolikken i skulpturen er, den kunstnariske tanken, er knytta til Wittgenstein sin person. Han kom frå ein av dei rikaste familiane i Europa og ga bort arven sin samtidig som han var i Noreg. På mange måtar levde han «frå hand til munn». Dette kan me som kunstnarar forholda oss til, framhevar Sebastian M Kjølaas. Symbolikken er såleis handa som handlar og munnen som snakkar.
Bilete 1: Kunstnarane Siri Hjorth t.v., Sebastian Makonnen Kjølaas og Marianne Bredesen under avdukinga av Wittgenstein-monumentet.
Bilete 2: Trearbeidet og utskjeringa er utført på Hjerleid på Dovre. Treskjæraren Njål Andreassen t.v. her saman med kunstnarane Sebastian Makonnen Kjølaas, Siri Hjorth og Marianne Bredesen.