Kulturprisen for 2002 vart delt ut i starten på kommunestyret sitt julemøte den 19. desember, og ordførar Ernst Veum sa m.a. dette i samband med prisutdelinga:
Eit lett val
Også i år kom det inn forslag på fleire gode kandidatar til årets kulturpris. Juryen hadde det likevel lett med å peike ut årets prisvinnar. Kandidaten er sterkt engasjert i antirasistisk arbeid, for menneskeverd og likeverd. Kandidaten har rett og slett - brytt seg!
Kandidaten har ein sterk personlegdom - alt ho føretek seg er prega av positive haldningar - og trua på det gode i menneska.
Etter kvart vart ho invitert til våre riksdekkande fjernsynskanalar. I NRK og TV2 har ho delteke i ymse debattprogram. Både her og elles i media framstår ho roleg, reflektert og konstruktiv i debattane. Kandidaten har også vore nytta som foredragshaldar rundt omkring i heile landet. På stader som Gjøvik, Levanger, Orkdal, Tromsø med fleire har ho har vore frontfiguren i arrangement mot rasisme.
I vårt eige fylke vart ho slegen til "Losnariddar" i Solund. Ho har også delteke i antirasistisk arbeid i nabokommunen Sogndal, på Kaupanger, i Stryn, i Vik, i Høyanger og i Svelgen. Me vil også nemna hennar engasjement i Stopp Volden – kampanjen, og den rollen ho spela i det store ungdomsarrangementet som vart arrangert i Parken i Gaupne i sommar. Ho er framleis etterspurd når tema som "menneskeverd" og "likeverd" er på dagsorden. I november månad snakka ho til folk i Fotballforbundet på Breiddekonferansen med dette temaet.
Kandidaten er gjerne mest kjend som mor til Arve Beheim Karlsen. Etter svært opprivande og resursskrevjande rundar i rettsystemet, har kandidaten skrive ei bok om hendinga som familien har vore igjennom. Denne boka "Arve" med undertittelen "sonen min" er ei sterk dokumentarisk bok. Forfattaren utleverer der den brutale sanninga - om rasisme på liv og død i vårt bygdesamfunn.
Kommunen kan vera stolt av ein ambassadør som med sin klingande Hafslo-dialekt presenterer ærendet sitt på ein verdig måte.
Me for vår del vil markere årets kulturpris med eit handslag for det viktige arbeidet som ho Kari står for. Det er kommunen sitt håp at me med denne prisen kan oppmuntre deg til å stå på vidare!
Kulturprisen skapar forventningar
Kulturprisvinnar Kari Beheim Karlsen heldt ein lengre takketale som synte det store engasjementet hennar, og ho innleia med diktet ”Kan jeg gjøre noe med det?” av Gunnar Roaldkvam. Diktet er gjengitt nedanfor.
- Kulturprisen som de nettopp har gitt meg, tek eg imot som eit svar frå dykk på spørsmålet i diktet ”Kan me gjera noko med det?”. Med å gje denne prisen til meg, seier de: Ja, me vil gjera noko med det. Og prisen skapar forventningar. Forventningar til meg ut i frå dei grunngjevingane som vart brukte då eg fekk prisen, men og forventningar til dykk, som politikarar, som medmenneske, som busette i Luster kommune.
For meg er prisen eit av dykkar mange viktige bidrag i arbeidet for menneskeverd, i arbeidet for likeverd, i arbeidet for at alle som bur og lever i Luster kommune skal føla seg trygge og inkluderte i fellesskapet. For meg er trivsel og tryggleik grunnleggjande for utvikling og læring, og det er vondt å høyra når det i samband med statsministaren og fire andre etatar sitt manifest om mobbefri skule innan 2 år, vert sagt at det er 40.000 born og unge som kvar dag vert utsett for mobbing i norsk skule. Dan Aleveys seier 75.000. Men statsministaren og dei fire andre vil ikkje oppnå noko som helst om ikkje du og eg hjelper til og bryr oss, og handlar i kvardagen – kvar dag i veka, heile året, sa Kari.
Heile talen kan de lese ved å gå inn på www.luster.kommune.no / Kultur og fritid.
Kan jeg gjøre noe med det?
Når jeg ser at tunge skyer
Trekker mørket over oss.
Når jeg ser de sliper kniver
Og legger opp til å slåss.
Kan jeg gjøre noe med det?
Når jeg ser at noen stiger,
Mens de trykker andre ned.
Når jeg ser at mange skjelver
Og bøyer av for det som skjer.
Kan jeg gjøre noe med det?
Når jeg ser at drømmer blekner,
Og visjoner visner hen.
Når jeg ser at tvilen hersker,
Så lite tro vi har igjen!
Kan jeg gjøre noe med det?
Hva kan jeg gjøre?
Jeg er så liten.
Hjelp oss sammen,
Vi som tror
At mye kan vi,
Hvis vi vil det,
Mens vi lengter
Her på jord.
Kan vi gjøre noe med det?