Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja rammer for Luster kommune sitt arbeid innan kulturminnevern. Det skal lagast ein plan som legg grunnlag for i større grad å bruka og forvalta kulturminne som miljømessig, kulturell, sosial og økonomisk verdiskapar..
Arbeidet vert m.a. organisert med ei referansegruppe med m.a. representantar frå lag og organisasjonar som arbeider med slike spørsmål.
Planen skal utformast som ein tematisk kommunedelplan jfr PLBL § 11-1 med handlingsdel.
Spørsmål om planprogrammet kan rettast til Luster kommune, v/Torunn Løne Vinje, tlf. 57 68 55 93, e-post: torunn.lone.vinje@luster.kommune.no
Innspel til planarbeidet skal sendast innan 10.12.2011 til:
Luster kommune, Rådhuset, 6868 GAUPNE