Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar med tilknyting til Luster

  • som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt
  • som syner nynorsken fram til særleg utsette eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar
  • som òg brukar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar, i eller utanfor lokalsamfunnet
  • som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk

    Jury for prisen er styret i Luster mållag.


Målprisen for 2014 går til Breheimsenteret AS.
 

Målpris 2014.jpg

Breheimsenteret får målprisen for den gode og konsekvente bruken av nynorsk sidan senteret opna dørene i Jostedalen i 1993. Med «konsekvent» meiner me ikkje at Breheimsenteret berre brukar nynorsk. På ein vanleg sommardag er eit større tal tungemål i omlaup på Breheimsenteret. Turistar frå alle verds- og landsdelar og sommararbeidarar i aktivitetsverksemdene frå like mange stader, syter for eit stort språkleg mangfald. Men tekstane som rettar seg mot dei ein kan forvente at skjønar norsk, altså alle frå Norden, inkludert det sentrale Austlandet, er på nynorsk. Breheimsenteret ser aldri ut til å ha brydd seg det minste om at denne delen av marknaden er meir vant til å få ting på bokmål.

Luster er tjukkaste nynorskland, men sjølv her er det særs viktig at me har institusjonar med ei brei kontaktflate utover som tek det for gjeve at alt skal vere på nynorsk. Slik har Breheimsenteret gjennom 21 år synt for alle som skjønar norsk at nynorsken er sjølvsagt i det området av Noreg som senteret er skipa for å informere om.

I tillegg ser me at det Breheimsenteret skriv, er på solid nynorsk. Det er ikkje sjølvsagt. Ein ting er utstillingstekstar og informasjonsmateriell i store opplag som går gjennom fleire rundar med kvalitetssikring – her kan ein vente seg høg språkleg standard. Men det er mykje som skal skrivast gjennom ei veke: oppslag, meldingar, annonsar og facebookmeldingar. Her kan sjølv den beste få lyst til å ta nokre språklege innersvingar i farten, men det har Breheimsenteret aldri hatt for vane.

Kvar einaste dag sidan opninga i 1993 har Breheimsenteret fortent ein målpris, og no får de han. Og den mannen som må framhevast for å ha lagt den språklege lista høgt, er dagleg leiar gjennom dei siste 20 åra, Peder Kjærvik.

Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2014!

Styret i Luster mållag:

Oddmund L. Hoel leiar
Stein Bugge Næss       
Ann Kristin Sperle      
Ragnhild Ås     
Eldbjørg H. Fossøy