For tilsett som arbeider med barn og unge

 Til dømes lærarar, NAV, helsesjukepleiarar, flyktningtenesta m.m.  

Skule og fritid heng tett saman. Har ein det bra på fritida er det meir sannsynleg at ein har det bra på skulen. Under finn du tips til kva tilsette i kommunen kan gjere for å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitetar.  

Samtale  
Til dømes: foreldremøte, utviklingssamtalar, elevsamtalar, samtalar med; helsesjukepleiar, Nav, flyktningtenesta m.m.  

  • Informere om viktigheita av at barn og unge deltek på fritidsaktivitetar (sjå over) 
  • Informere om oversikt over ulike aktivitetstilbod: FRISKUS  
  • Informere om ulike ordningar: 
    Luster Fritidsfond - økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.  
    Luster ungdomstaxi - transport til og frå aktivitetar for 50kr (13-19år).   
    Utstyrssentralen  - lån av utstyr. 

Spørsmål ein kan nytte i samtale 
Med barnet: 

  • Er du med på fritidsaktivitetar?  
  • Korleis trivst du?  
  • Forslag til oppfølgingsspørsmål: 
  • Kva skal til for at du kan trivst betre?   
  • Kjem du på noko som kunne vore annleis?   
  • Ønskjer du å prøve ein annan aktivitet? 
  • Viss barnet ikkje er med på fritidsaktivitetar: 
  • Har du tenkt på ein fritidsaktivitetar du har lyst til å prøve?  
  • Er nokon du kjenner med på ein fritidsaktivitet du kunne tenkje deg å prøve? 
  • Informere om fritidsaktivitetar som finst, og vise lenkje til friskus, samt aktuelle lag og organisasjonar: FRISKUS 

Med foreldre:  

  • Samtale om viktigheita av deltaking på fritidsaktivitetar for barn og unges utvikling. 
  • Kva tenkjer du skal til for at barnet ditt vil bli med? 
  • Informere om ordningane under og korleis ein kan nytte seg av dei. 
    Luster Fritidsfond 
    Luster ungdomstaxi 
    Utstyrssentralen 

 

For lag og organisasjonar, trenere og frivillige

Under finn du tips til kva frivillige lag og organisasjonar kan gjere for å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitetar: 

Det er viktig at frivillige lag og organisasjonar har god informasjon om deira aktivitetstilbod. 
Her er forslag til kva ein kan gjere:  

  • Ha god oversikt på heimeside, Facebook, evt. anna
  • Gjer det enkelt å finne kontaktinformasjon til laget/organisasjonen; kven skal ein kontakte for å vere med? 
  • (Her kan ei felles e-postadresse vere ein god ide)
  • Leggje ut alle aktivitetar i Friskus. Meir info om Friskus i Luster og oppskrift korleis ein brukar det:  Friskus Luster.  
  • Leggje til rette for at barn, uavhengig av funksjonsevne og andre særskilde behov, kan delta.  
  • Oppmode og bidra til samkøyringsordningar 
  • Tilgang på relevant utstyr som kan lånast ut  
  • Arrangere/oppmoda om bytekveldar eller liknande 
  • Ha dialog med dei som er med på aktivitetane
  • Informere om relevante ordningar 
    Luster Fritidsfond. Økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.  
    Luster ungdomstaxi. Transport til og frå aktivitetar for 50kr (13-19år).  
    Utstyrssentralen. Lån av utstyr. 

Bruke verktøykassen på allemed.no i din organisasjon for å auke fokus på inkludering: verktøykasse på allemed.no