Om Skjolden oppvekstsenter
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til møteplassen Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane. Kontoret til rektor/styrar har kanskje den finaste utsikta på heile Vestlandet.
Skulen er tredelt med aldersblanda klassar. Barnehage- og skuleåret 2023/24 er det 31 elevar på 1.-7. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.
Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa.
Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Skulemiljø
Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.
§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.
Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:
1. Plikt til å følgja med
2. Plikt til å gripa inn
3. Plikt til å varsla
4. Plikt til å undersøkja
5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)
Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan).
Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.
Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.
Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland
Ein trygg skuledag utan mobbing
Mobbeombodet i Vestland
Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Informasjon om mobbeombodet i Vestland
Andre aktuelle nettstader
Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)
Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/
Barnehagemiljø
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen skal arbeida kontinuerleg for å fremja helsa, trivselen, leiken og læringa til borna.
Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melda frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak.
Delpliktene i aktivitetsplikten er:
1. Plikt til å følgja med
2. Plikt til å gripa inn
3. Plikt til å varsla
4. Plikt til å undersøkja
5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)
Les meir om barnehagen si aktivitetsplikt.
Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.
Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva tilsette og føresette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk.
Mobbeombodet i Vestland
Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Informasjon om mobbeombodet i Vestland
Andre aktuelle nettstader
Utdanningsdirektoratet:
Barnehagemiljø
Nullmobbing (nullmobbing.no)
Råd og utval
Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Samarbeidsutval (SU):
- Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
- Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:
- Representantar frå FAU: leiar Marte Hov, klassekontakt 5.-7. klasse, nestleiar Trine Kvamme Sætherbø, klassekontakt 3.-4. klasse,
- Representantar frå elevrådet: Kristian Natvik Weka, Sara Erika Bjørnevåg
- Representantar frå undervisingspersonalet: Gunn Elin Vigdal (skule), Bente Kjørlaug (barnehage)
- Representant frå kommunestyret: Ole Martin Brennsæter
- Skrivar: rektor
Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Foreldreråd (FAU):
- På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
- Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
- Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.
Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.
FAU skuleåret 2023/24:
- Leiar:
Marte Hov, klassekontakt 5.-7. klasse, - Nestleiar og skrivar:
nestleiar Trine Kvamme Sætherbø, klassekontakt 3.-4. klasse, - Medlemer:
Maria Brennsæter, klassekontakt 1.-2. klasse
Stina Sundet Hansen, avdelingskontakt barnehage
Erik Bolstad, klassekontakt 1.-2. klasse (vara)
Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere jule- og sommarfesten samt å vere høyringsorgan i aktuelle saker.
Samarbeid med heimen
Skulen/Oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.
Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Dette kjem òg som info via Visma Flyt Skole.
Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten.
Foreldremøte
Skulen og barnehagen har kvart sitt foreldremøte i byrjinga av skule-/barnehageåret, og i tillegg har kvar av klassane på skulen eit klasseforeldremøte i midten av september.
På våren er det eit tema-foreldremøte i samarbeid med FAU.
Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med ped.leiar/kontaktlærar. I barnehagen er det berre med foreldra, på skulen er eleven òg med på samtalen.