Om Gaupne skule

Gaupne skule ligg i kommunesenteret i Luster kommune. Næraste naboar er Lustrabadet, Luster idrettspark og Luster ungdomsskulen. Me har eit stort uteområde med mellom anna ein flott klatrepark, og ein pumptrack for sykkel er under planlegging. Dei fleste elevane våre har gangavstand til skulen. Skulen vart bygd i 1995, og er godt vedlikehalden med lyse, fine klasserom og ein stor aula som vert brukt til fellessamlingar kvar veke. Me har eit flott skulebibliotek som vert flittig brukt og som me er svært stolte av.

Gaupne skule er ein 1.-7. skule med til saman 7 klassar. Skuleåret 2023-2024 har me 138 elevar. Heile 15 nasjonalitetar er representerte i flokken vår. På SFO er det 55 barn. Me har veldig god kjønnsbalanse i kollegiet, og målsetjinga vår er å ha både menn og kvinner på alle klassesteg. Arbeidsmiljøet vårt er svært godt, og gode resultat både på Elevundersøkinga og nasjonale prøvar vitnar om at elevane våre både trivest og har god fagleg utvikling. 

Tilsette ved Gaupne skule er opptekne av å gje elevane variert undervisning der dei får bruke mange ulike læringsstilar. Dei siste åra har me jobba mykje med STEAM, programmering, fysisk aktiv læring og uteskule.

SFO

Telefonnummer Gaupne SFO
SFO Skulen: 913 01 841
SFO Raud: 902 33 468

Opningstider 
07.15 – 09.00
13.50 – 16.00

Planleggingsdagar skuleåret 2023-2024
17 -18. august -23
3. november - 23
2. januar - 24
10. mai – 24

Skuleåret 2023-2024:  Dette skuleåret har me 55 barn på SFO. Me deler barna inn i to grupper. 1.klasse er ei gruppe og 2,3 og 4.klasse er ei gruppe. Gruppene har med seg faste vaksne gjennom heile året.

Døme på aktivitetar me held på med:
Uteaktivitet (t.d fotballbana, klatreparken, aking, valfri leik)
Inneaktivitet (t.d teikning, perling, ulike formingsaktivitetar knytt til ulike årstider, Lego Education, valfri leik)
Idrettshall (fri leik/ tilrettelagt aktivitet)
Lustrabadet 
Yoga
Dans (gammaldans)

Kven jobbar på SFO: 
Me har 7 tilsette og har 1 lærling i barne -og ungdomsarbeidarfaget. I tillegg har me elevar frå Luster vaksenopplæring inne hjå oss i språkpraksis og utplassering frå vgs. 

SFO i feriane:
Gaupne SFO har ope i alle feriar, med unnatak av dei tre siste vekene i juli (v. 28,29,30). I feriane er det alltid påmelding. Då vert det i god tid sendt ut påmeldingsskjema i Visma. Påmeldinga i feriane er bindande og dagsprisen er 300 kroner. I feriane nyttar me høve til å reise på lengre turar, gjerne til fjells. Me har også reist til Sogn skisenter på Heggmyrane.

SFO Koordinator: 
Gry Anita Sviggum
E-post: gry.anita.sviggum@luster.kommune.no
Mob: 917 47 465

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 

Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​  Geir Hauge (leiar) og Annika Kisch Dyrkjær (nestleiar)
  • Representantar frå Elevrådet:  Phillip Servold Kvalsøren og Olea Solhaug
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​ Bjørg Irene Svangstu og Arve Bjørn Røneid
  • Representant frå øvrige tilsette:  Gry Anita Sviggum
  • Representant frå kommunestyret:  Liv Endresen
  • Ekstra representantar i skulemiljøutvalet: Tove Mette Solhaug (FAU) og Leni Kvalsøren (Elevrådet)

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalet (SU) for Gaupne skule.

 

FAU skuleåret 2023/24:

  • Leiar:
     Annika Kisch Dyrkjær, klassekontakt 2. klasse
  • Nestleiar:
    Geir Hauge, klassekontakt 1. klasse
  • Skrivar:
    Bjørn Hesjevoll Winge, klassekontakt 3. klasse
  • Kasserar:
    Stian Tandberg, klassekontakt 7. klasse
  • Medlemer:
    Tove Mette Solhaug, klassekontakt 6. klasse
    Andreas Fristad Hop, klassekontakt 5. klasse
    Trine-Anita Systad, klassekontakt 4. klasse

Arbeidsoppgåvene for FAU vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid med heimen

Skulen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Dette vert kombinert med ein fellesdel der rektor går gjennom felles reglar og ordensreglement, «Dette forventar skulen av deg», informerer om tverrfagleg samarbeid, skuleveg, elevane sine rettar i høve til opplæringslova kap. §9A, skulen sine satsingsområde og anna viktig informasjon. 1., 2., 4. og 6.klasse har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Klassekontaktane i 1. klasse er vald for eitt år, dei andre for to.

I veke 7 er det som oftast storforeldremøte på Gaupne skule. Somme år leiger me inn ein dyktig føredragshaldar utanfrå, medan andre år prioriterer me å syne fram dei mange kjekke aktivitetane me har på skulen og legg opp til drøfting av aktuelle tema klassevis. 
 

17.mai-komitè
 I Gaupne er det foreldra til 6.klasse som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei plar ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og ein frå førre års komitè plar vere til stades for å gi den informasjonen som trengs. Overskotet går inn til ein felles konto for alle klassane. Denne kontoen vert brukt til å betale for klassetur til Bergen på slutten av 7.klasse, samt overnattingstur til Fuglesteg.

 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si faglege og sosiale utvikling, og set i fellesskap opp mål for vidare utvikling. Før samtalen må føresette lese gjennom eleven si halvårsvurdering som er publisert i Visma, samt eit papirskjema som skal fyllast ut av elev og føresett saman.